Lesarbrev frå Fitjar KrF

Fitjar KrF ved Harald Rydland har sendt oss eit lesarbrev. Det og er om kommunesamanslåingssaka. Lesarbrevet følgjer nedanfor.

Lesarbrev frå Fitjar KrF

Fitjar KrF si kommunestyregruppe rår framleis folket til å stemma nei.

Kommunestyregruppa til Fitjar KrF har i prosessen om kommunereforma råda folk i Fitjar til å seia nei i folkerøystinga på mandag. Dette står me framleis fast på, sjølv etter at me har fått vita deler av konsekvensane av Høgre, FrP og Venstre sin stortingsavtale om kommuneøkonomien. 


Ja/nei spørsmålet som me skal svara på i folkerøystinga ser enkelt ut på papiret, men inneheld  mange kompliserte problemstillingar som, m.a.  kommunalt inntektssystem, fagmiljø, tenesteproduksjon, lokalsamfunn, og ikkje minst ein intensjonsavtale mellom kommunane Fitjar og Stord.  Enno er mange av desse problemstillingane og konsekvensane av dei svært uklåre. 

Når det gjeld intensjonsavtalen, ber ikkje den preg av at det skal byggjast ein heilt ny kommune, men at Fitjar skal innlemmast i Stord og få nokre særordningar i ein overgangsperiode.  Avtalen har likevel mange positive element, men på nokre punkt har den svært svake formuleringar for tema som er viktige for Fitjar som lokalsamfunn. Dersom ein svarar ja i folkerøystinga seier ein at denne avtalen er god nok for Fitjar. Me meiner den ikkje er god nok slik den ligg føre.

Me som representerer KrF i kommunestyret har lagt hovudet på hoggestabben og sagt at me på kommunestyremøte i juni kan komma til å gå mot eit nei-resultatet i folkerøystinga. Det kan skje dersom me då  har kunnskap om at t.d. kommuneøkonomien framover gjer det heilt håplaust å driva Fitjar som eigen kommue. 

Kommunestyrerepresentantane er valde for å ta dei beste avgjerden for folket ut frå den kunnskapen som til ei kvar til er tilgjengeleg.  Me som er valde inn for KrF vil ikkje degradera vår eiga rolle som ansvarlege kommunestyremedlemer. Ein slik haldning vil me oppmoda fleire av medlemene i Fitjar kommunestyre til å innta. 

Om det vert nei i folkerøystinga, har Fitjar kommunestyre  god tid og anledning til å  sikra folket i Fitjar ein god posisjon med omsyn til å gå inn i ein ny kommune, dersom det skulle tvinga seg fram. 

Dersom situasjonen som er nemnt ovanfor skulle inntreffa, ser for oss to alternativ til vedtak; slå oss saman med Stord med ein re-forhandla avtale som betre tener Fitjar sine innbyggjarar, eller eit vedtak om at Fitjar ønskjer å slå seg saman med Austevoll, Bømlo, Stord og Tysnes. Begge vedtaka vil sikre at me framleis vil vera innafor regjeringa si overgangsordning med  inntekter på dagens nivå. 

Stortingsfleirtalet sitt sanne ansikt kjem til syne når intensjonen med kommunereformen er auka lokaldemokrati, og dette vert tvinga gjennom med økonomiske straffetiltak. 

Ikkje la deg skremma av eit knapt stortingsvedtak til å gjera eit val du ikkje kan stå inne for.   

 

Godt val! 

Kommunestyregruppa til Fitjar KrF

 

Meir info finn du her:  

https://www.krf.no/partiorganisasjonen/fylkes-og-lokallag/hordaland/fitjar-krf/fitjar-og-