Heidra Else

Møteleiar Bodil Nesse (ståande) har akkurat overrekt blomar til Else Hovland, til stor applaus frå folk i salen. Foto: Håkon C. Hartvedt

Else Hovland var heidra for sin store innsats for Stranda kvinneforening av NMS og Strandabasaren under årets basar.

Else var sjølvsagt takksam, men likevel meir oppteken av å takke alle  dei som bidro til at at endå ein Strandabasar vart gjennomført like suverent som dei andre i rekkja. For det har gått seg til på Stranda. Dugnadsgjengen veit kva som skal til og ordnar opp med alt frå trafikkdirigering til å framskaffe gratis mat til dei som kjem. Og dei som kjem er mange. Heilt fullt vart det i år og. Skulle ein fått plass til fleire hadde dei truleg måtte «sitje i vindaugskarmen».

– Det er er mykje folk, seier Else. – Ja, det er vel slik du likar det? – Javisst, smiler Else Hovland, og kan gle seg over at nyeleiaren Tordis Eide har fortsett det gode arbeidet ho sjølv stod i spissen for i mange år.

Mykje folk på basar. Foto: Håkon C. Hartvedt

Strandabasaren er stadig prega av flotte handarbeid som hekla dukar, broderte dukar og flotte strikkeprodukt. Dei fleste laga av den eldre garde. Det gir gode pengar til misjonen. Og det er jo det som driv dei, dei driftige damene i Stranda kvinneforening. Foto: Håkon C. Hartvedt