Lesarbrev frå Annar Westerheim

Annar Westerheim har sendt oss eit lesarinnlegg som du kan lese nedanfor. Også det om kommunesamanslåing.

Regjeringspartia la i går fram den nye samarbeidsavtalen om nytt inntektsystem for kommunane. Det var ein dyster lesing for heile 263 ordførarar rundt om i det ganske land. Ein kan få inntrykk av at det berre er Fitjar kommune som vert råka.

Grendaskulane er sågar omtala i BT der Njåstad er bekymra for Fitjar sin evne til å klara seg på eiga hand utan samanslåing med Stord kommune.

Dei 15 største kommunane tener på endringane. Samtlege 65 kommunar mellom 10 og 20.000 innbyggjarar tapar på ordninga, ja du las rett: SAMTLEGE.

Både Stord, Bømlo og Kvinnherad tapar på det nye inntektsystemet.

 

Og ikkje nok med det, 87 kommunar med folketal mellom 5.000 og 10.000 tapar inntekter, berre to kjem i pluss.

Er Austevoll, Njåstad sin heimkommune, ein av dei to ?

52 kommunar på Fitjar sin storleik med 3.000 – 5.000 innb. tapar inntekter, berre 15 kjem betre ut.

Av kommunar under 3.000 innb. tapar 52 inntekter, 106 kjem ut på plusssida.

 

I fredagens Sunnhordland uttaler Håkon Frode Særsten seg om auka eigedomsskatt for innb. i Fitjar om dei vel å stemma nei.

Konsekvens auka eigedomsskatt, sjølv med full eigedomsskatt i Fitjar (7 promille), vert satsen mindre enn den framtidige vassavgifta for innbyggjarane i Stord kommune. Avgifta for avløp vert også dobla som resultat store investeringa på vatn og avløp.

Ei stabil låg rente er også avgjerande for at avgiftsnivået ikkje aukar ytterlegare.

Utbetring og midlar til FV – 545  mellom Fitjar og Leirvik er også omtala som eit  betre fellesprosjekt med kommunesamanslåing.

Kan i samband med det nemna at dei to største motstandarane av Stord vestside bompengesøknad var Helge André Njåstad og Sigbjørn Framnes.

Sagvåg bru er snart ferdig, vegparsellen Rimbareid til Vik står snart for tur, reguleringsplan for Fitjar sentrum er klar om kort tid, og  2 km av vegen ved Rydlandsaga (kommunegrensa) skal rustast opp til 7,5 m. vegbreidde.

 

Om Njåstad var lika høgrøysta då bompengar vart innført på ferja mellom Hallhjem og Husavik skal vera usagt.

Mykje tid og uvissa kunne vore spart med ein prosess som starta i den rette enden.

Kommunane sine nye oppgaver (utgifter) er endå ikkje klarlagt, det same gjeld inntektsystemet som skal til behandling i Stortinget før ferien.

Dei som når først i mål vert premiert, dei som ikkje kjem på pallen, får smaka medaljens bakside .

 

God helg.

Mvh.
Annar Westerheim