– Vil ta det vidare

 

Styret i Bringebæret UB med premiane dei fekk i Bergen. F.v. dagleg leiar Olve Akselsen, økonomiansvarleg Marius S. Birkeland, marknadsansvarleg Margrete Rusten, personalansvarleg Kristine Marie Save og administrasjonsansvarleg Ruth-Johanne Helgeland. Foto: Håkon C. Hartvedt

Ungdomsbedrifta Bringebæret UB ved Fitjar vgs henta heim både gull, sølv og bronse frå Fylkesmessa for ungt entreprenørskap i Grieghallen tidlegare i år. No ønskjer dei å føre bedrifta vidare.

 I alle fall ønskjer styret det. Om alle dei andre medarbeidarane vil det same, veit dei ikkje no. 

Dagleg leiar i bedrifta, Olve Akselsen, presenterte bedrifta på Årsmøtet til Fitjar Næringsråd nyleg. Der var òg Atheno. Og Olve fortel til Fitjarposten at dei gjerne ville gje dei hjelp og råd i arbeidet med  å setje dei vidare planene ut i livet.

Under Fylkesmessa i Grieghallen fekk dei 1. pris for beste gastronomiske produkt, 2. plass for beste yrkesfaglege ungdomsbedrift og 3. plass for beste seljar.

Eit av produkta deira, som er ei innovativ nyskaping, er bringebærsalt som allereie har selt svært bra.

Så er det berre å vente og sjå med omsyn til kva dei kan få realisert av planane om å ta dette vidare. Fitjarposten ønskjer lykke til.

Heile gjengen. Foto: Fitjar vgs