Her er Oddgeir Træet fint ute og sørgjer for at Kristian Magnussen må nøya seg med eitt mål mot Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.

Tapte for eit sterkt Stord 2

A-laget til Fitjar møtte eit svært solid Stord 2 på Langeland fredag kveld, og trass i mykje bra offensivt spel måtte dei sjå vertane vinna fortent 3-1.

Fitjar kom godt i gang i borteoppgjeret mot Stord 2 i går kveld, og etter fem minutt gjekk dei opp til 1-0. Storscorar Thomas V. Waage fekk ei lang pasning fram mot 16-meteren til motstandarane, runda elegant den rutinerte stopparen han hadde på seg og sette ballen i mål, utakbart for Eirik S. Spjeld i Stord-målet. Men berre to minutt seinare stod det 1-1, etter at Stord spelte seg fint gjennom. Det gjekk altfor fort for Fitjar-forsvaret, og Allkan Abdulla kunne setja ballen kontrollert i mål frå kort hald.

Offensivt viste Fitjar mykje bra spel, og hadde fleire frekke besøk i feltet til Stord. Men det var Stord som hadde ballen mest, og hadde dei farlegaste sjansane. Særleg skummelt var det kvar gong dei sette fart på ballen i midten, der Fitjar hadde mykje folk. Med kjappe kombinasjoar skar dei gjennom eit stressa Fitjar-lag som var heldig som ikkje fekk fleire mål imot. Akkurat då det såg ut til at Fitjar hadde ridd stormen av, og kunne gå til pause med 1-1, scora Svein Albert Riise for Stord. Ein feilplassert Fitjar-forsvarar gav Stord god plass på venstrekanten, og etter eit par kjappe pasningar i midten stod det 2-1 til heimelaget.

I byrjinga av andre omgang stod kampen og vippa, og det låg vel i korta at Fitjar måtte utlikna ganske snart om dei sulle ha håp om poeng. Nærmast var dei etter fire minutts spel. Arild Fitjar Waage fekk til eit fint skot som Stord-keeperen fekk slege over tverrliggjaren. Men Stord 2 hadde sett inn Kristian Magnussen i pausen, og han brukte berre åtte minutt på å finna vegen til nettmaskene. At det var han som skulle avgjera kampen, kom vel ikkje som noko stort sjokk på nokon. Rett nok var han heldig som fekk ballen etter at Fitjar hadde klarert ein farleg sjanse. Og i trekket før burde Fitjar-forsvaret har spela ballen vekk i staden for å tapa ein unødvendig duell. Men mål er mål, og med 3-1 hadde Stord 2 god kontroll resten av kampen.

Med fleire faste spelarar ute med skadar og karantene spela Fitjar ein brukbar kamp mot eit svært sterkt og rutinert toarlag frå Stord. Som vanleg var midtbanespelarane Helge Træet og Kjell André Thorland gode. Det same var midtstoppar Nils Ingard Tislevoll, som hadde mykje å stri med i denne kampen. Etter to kampar og eitt poeng, bør Fitjar vinna den neste kampen sin i 5. divisjon. Den går av stabelen på Slåtthaug 1. mai, mot Smørås 2.


Det var ofte hektisk i Fitjar-forsvaret; her ser yngstemann, Arild Fitjar Waage på at veteranen André Helland får klarert. Foto: Kjetil Rydland.

 


Nils Ingard Tislevoll (23) veit heldigvis kva fot han skal stå på, og det kom vel med mot kjappe og ballsikre Stord-spelarar. Foto: Kjetil Rydland.

Stord 2 – Fitjar 3-1 (2-1)
Langeland kunstgrasbane
fredag 22. april kl. 18.30
seriekamp 5. divisjon avd. 3 Hordaland

Mål: 0-1 Thomas Vestbøstad Waage (6.) 1-1 Allkan Abdulla (8.) 2-1 Svein Albert Riise (44.) 3-1 Kristian Magnussen (53.)

Dommar: Bjørn-Ketil Olsen, Hovding, TIL

Fitjar sitt lag: Oddgeir Træet, Arild F. Waage, Torbjørn Korsvik, Nils Ingard Tislevoll, André Helland, Badi Hurasi, Helge Træet, Kjell André Thorland, Sebastian T. Thomassen (Marius Helland Storebø 84.) , Mats Westvik (Lars F. Waage 62.), Thomas Vestbøstad Waage.