Festdag for niandeklassingar

Elevane i 9A på Rimbareid skule som har mat og helse som tilvalsfag, fekk ein festdag på Fitjar vgs i ettermiddag. Foto: Rolf-Atle Rolfsnes

Elevane er delt inn i grupper, og temaet er «Mat frå Hordaland». Ei gutegruppe me møter først fortel om arbeid med fisk laging av pølser og dekking av bord. Dei let oss og få vite at andre grupper mellom anna lagar kjøttkaker og dessert. Og endå er menyen langt ifrå fullstendig. For det heile skal ende opp som eit skikkeleg festmåltid på festdekka bord. 

Foto: Rolf-Atle Rolfsnes

Forrett. Foto: Rolf-Atle Rolfsnes

Godsaker. Foto: Rolf-Atle Rolfsnes

Varmrettar. Foto: Rolf-Atle Rolfsnes.

Gutane fortel at dei er heller ikkje framand for å lage mat heime. Då går det gjerne på heimelaga pizza eller taco.

Gutegjengen. F.v.Daniel Bårdsen, Daniel Skarpnes, Øyvind Rydland og Markus Gerhardsen. Foto: Håkon C. Hartvedt

Ei jentegjeng står og skjer selleri, men grin ikkje på nasen for det. Dei likar å lage mat. Nokon av dei fortel at dei ofte bakar heime, og ei at ho har prøvd seg på ein tre-rettars middag. Me skal heller ikkje sjå bortifrå at nokon av elevane me snakka med søkjer nettopp Fitjar vgs når dei skal velje vidaregåande opplæring neste år.

Jentegjengen. F.v. Lina Rydland, Anna Tverderøy, Helene Eiken, Maria Prestbø og Maria Synnøve Toskedal Koløen. Foto: Håkon C. Hartvedt

Og for eit festbord!  Og for nokre delikatessar det heile enda opp med! Me tek med nokre bilete som vitnar om det.