Festival for barn i Nepal

Mykje folk i amfiet på Rimbareid skule i går. Foto: Håkon C. Hartvedt

SFO ved Rimbareid skule på Fitjar med Charlotte Ayoe Solberg som primus motor stod i går for eit stort og flott arrangement, ja, ein minifestival som dei kalla det, i amfiet på Rimbareid skule. Alt til inntekt for barn i Nepal.

Opplegget er ein del av Forut sin barneaksjon med tittelen: «Gode venner i Nepal». Born som har ein heilt annan kvardag enn vår. 

Solberg fortel til Fitjarposten at borna har jobba med temaet over tid med fokus på korleis me har det, dei har det og kva me kan gjere. Dei har høyrt historier, lært songar, dyrka sukkererter, tomater, paprika og blomkarser. Ting som vart selt under festivalen i går. I tillegg var det loppemarknad og meire til.

Odin Hatlevik med Gode venner i Nepal-merke på brystet. Alle SFO-arane fekk eit slik som teikn på at dei har jobba for desse borna. Foto: Håkon C. Hartvedt

– Til saman er det rundt 50 born i alderen 6- 10 år på SFO, og rundt 120 hadde på førehand meldt frå om at dei ville kome. Og kom gjorde dei, så det vart både triveleg og folksamt i amfiet i går ettermiddag. 

Og gode pengar går til borna i Nepal. Det likar me! Mykje ros skal gå til SFO-lærarane.

Borna syng «Et sted å bo», leia av Elisabeth Moldestad (utanfor biletet)  på gitar.. Foto. Håkon C. Hartvedt