Lesarbrev frå Ingebrigt S. Sørfonn

Ingebrigt S. Sørfonn har sendt oss eit lesarbrev som du kan lese nedanfor. Det handlar om kommunesamanslåinga og avstemminga på måndag.

MÅNDAG STEMMER EG NEI!

Ikkje fordi eg er redd for- eller ikkje likar stordabuane! Tvert om!

Men eg stemmer nei fordi eg ikkje har høyrt overbevisande argument for å stemma ja.

Rett nok prøver no eit stortingsfleirtal å hurtig-etablera eit kommunalt inntektssystem som skal truga skeptikarane til å stemma ja. Ikkje så mykje respekt for reelt kommunalt sjølvstyre der i garden. Og stortingsrepresentant Njåstad syng med av full hals!

Det er berre det at like lite som ein skigard, kan heller ikkje eit kommunalt inntektssystem vara evig! Allerede neste år er det stortingsval, og alt då kan «trussel -inntektssystemet» stå for fall.

Så er det det eldgamle argumentet om at større einingar vert så  mykje betre, kostnadsbesparande og effektive! Problemet er berre at det er svært vanskeleg å skaffa praktiske bevis for dette gamle argumentet, som frå enkelte hald stadig vert framført med like stor overbevisning.

Me høyrde same argumentasjonen den gongen Fitjar Sparebank skulle gå saman med det som no heiter Sparebanken Vest. No er Fitjar-kontoret vedteke nedlagt, medan Tysnes Sparebank, som den gongen valde å stå åleine, lever i beste velgåande og opnar nye avdelingar.

Når eg tenkjer meg om, så har eg faktisk høyrt lite eller ikkje reflektert argumentasjon for samanslåing, men eg har høyrt mykje som liknar på truslar!

Og, til slutt; dei andre Sunnhordlandskommunane har takka nei til stor-kommune. Så me snakkar ikkje lenger om ein stor-kommune, men om ein Stord-kommune!

 

Ingebrigt S. Sørfonn