Takka samarbeidspartnarane

Wenche Tislevoll og Asbjørn Vik etter utdelinga av Næringsprisen. Foto: Håkon C. Hartvedt

– Eg er takksam for prisen, men og vil gjerne takka samarbeidspartnarane mine, sa Asbjørn Vik til Fitjarposten etter at han hadde motteke Næringsprisen for 2015 av ordførar Wenche Tislevoll.

 Det var i formannskapsmøtet i desember i fjor at det vart bestemt at Næringsprisen for 2015 skulle gå til Heimli AS ved Asbjørn Vik.

I kveld vart prisen så utdelt  i høve av at Fitjar Næringsråd hadde årsmøte på Fitjar Fjordhotell.

– Asbjørn Vik og Heimli har sett mogelegheitene og skapt seg ein marknad. Og me er utruleg stolt over å kunne sjå utover fjorden og sjå ein båt som er eit ekte fitjarprodukt frå første strek til fullt ferdig båt, sa ordførar Wenche Tislevoll i samband med utdelinga.

Vik takka så med å heidre samarbeidspartnarane, og sa: – Det er svært kjekt med det lokale. Ja, det er i det heile ein kjempestor fordel å kunne jobba lokalt!

Næringsprisen er laga av Leif Hedman. Foto: Håkon C. Hartvedt