Nytt inntektsystem fører til milliontap for Fitjar

Helge André Njåstad orienterer om det nye inntektsystemet. Foto: Skjermbilete, NRK Nyhetskanalen.

Høgre, Frp og Venstre vart i dag samde om ein ny avtale om inntektsystemet til kommunane. Dermed sikrar dei fleirtal i Stortinget for eit inntektsystem som gjer det til ei ekstra økonomisk utfordring for Fitjar om ein vel å fortsetje som eigen kommune.

– Det viktigaste i denne avtalen for Fitjar og Stord sin del, er at Fitjar no kan setja to strek under svaret, i forhold til kor mykje kommunen vil tapa framover ved å stå åleine, seier Helge André Njåstad, stortingsrepresentant for Frp og leiar i Kommunal- og forvaltningskomiteen til Sunnhordland. Og han legg til:

– Fitjar kommune vil tapa mellom 5 og 6 millionar kroner i året ved å stå åleine, når det nye inntektssystemet trer i kraft. I tillegg vil ein miste småkommunetilskotet på 5,4 millionar i året dersom innbyggjartalet vert over 3.200.

Varaordførar Agnar Aarskog (A) meiner at me  ikkje må la oss skremme av desse tala, og vonar at kvar fitjarbu vil gjere seg opp si eiga meining. Det er heller ikkje snakk om at me tapar 5-6 millionar med ein gong. Det vil bli ei nedtrapping. Dessutan er det ikkje lenge til nytt stortingsval. Vedtaket som vart gjort i dag har berre eit marginalt fleirtal og kan lett bli omgjort av eit nytt storting.

Ordførar Wenche Tislevoll (H) er slett ikkje einig med Agnar. – Diverre slår signala me har sett til. Ein inntektssvikt på 10 millionar kroner tyder ikkje at me ikkje kan driva Fitjar kommune vidare, men det vil føre til svært tøffe prioriteringar. No vonar eg fitjarbuen ser konsekvensane ved å stemme nei på måndag.

Heile pressemeldinga om saka kan du lese her.