Formannskapet går for delt løysing i helsesentersaka
Tøff økonomisk situasjon gjorde at Fitjar formannskap ikkje våga å gå inn for ei samla løysing med omsyn til helsesenter.
Rådmann Atle Tornes orienterte om saka og meinte at to alternativ er aktuelle i det han meinte at det vil bli problematisk å byggje sjølv. Då står det mellom Todlakbygget, Larsenbygget eller FBB. løysinga med FBB vil vere billegast. – Slik eg ser det har me ikkje råd til å gå inn for ei samla løysing, sa rådmann Atle Tornes.
I debatten etterpå kom mellom anna følgjande kommentarar:
Agnar Aarskog (A): – Eg hadde vona at det kunne vera eit alternativ å byggje sjølv, men eg ser at det blir vanskeleg og vil ta for lang tid. Og når eg så ser på kostnadene herknytta opp imot kommuneøkonomien, vågar ikkje å gå inn for alternativ som er 6-700 000 kr dyrare enn det me kan få til med eit legesenter på FBB og helsestasjon som no i Havnahuset.
Sigurd Maraas (Frp) : – Best av alt tenkt å utsetja. Det inntektsystemet gjer store utfordringar om me skal fortsetja som eigen kommune. Om me skal det eller ikkje, får me ikkje vite før måndag. Eg v il likevel ha sagt at om me får til eit samla helsesenter, vil eg gå inn for at det skal vere i Larsenbygget. Slik økonomien er no. vil eg gå for den rimelege løysinga, sjølv om eg ser på eit samla helsesenter som svært viktig.
Wenche Tislevoll (H): – Det er viktig med eit helsesenter i sentrum. Men skal me stå vidare som eigen kommune, har me rett og slett ikkje råd. Eg går difor for framlegget til administrasjonen.
Arne Prestbø (H): –Situasjonen gjer at eg må gå for det rimelegaste alternativet.
Dagfinn Brekke (Krf): – Eg vil gå for utvalet sitt framlegg med ei samla løysing i Todlakbygget. Men dersom det nye inntektssystemet som vert offentleggjort seinare i dag forverrer kommuneøkonomien slik signala tyder på, vil eg truleg stemme annleis i kommunestyremøtet.
Med fire mot ei (Krf) røyst gjekk så formannskapet inn for følgjande vedtak:
Fitjar kommune vel ei delt løysing med helsestasjon i eksisterande lokale, og legesenter i tannlegefløyen på FBB. Investeringsramma på 3,9 mill. vert auka til 4,2 mill. Kommunestyret gir løyve til oppstart av tiltaket.