Storhogst i Levåg

Ikkje tvil om at det har vore storhogst i Levåg. Foto: Håkon C. Hartvedt

Gisle Levåg har hatt storhogst. Det vitner skogshellinga bak huset hans svært tydeleg.

 – Eg har teke ut rundt 100 mål, seier Gisle Levåg til Fitjarposten og fortel at tømmeret skal til Granvin, medan dei tynnare stokkane går til papirproduksjon.

Så skal det plantast gran på nytt. Gran som vert til nytt tømmer om rundt 50 år.

– Tømmeret eg no har teke ut er 55 år, seier Gisle Levåg, som òg trur det kan bli nokre juletre å selje når nyeplantene får vekse litt.

Noko av tømmeret ligg på djupvasskaien i Årskog. Klart for vidare transport. Foto: Håkon C. Hartvedt