Lærarar i kø for å få jobb i Fitjar

Illustrasjonsfoto: FP-arkiv/HCH

Heile 61 søkjarar til det som til saman kan utgjere 4-5 stillingar i skulen i Fitjar. Det er skulesjef John Karsten Raunholm godt nøgd med.

Raunholm fortel til Fitjarposten at søknaden til ledige stillingar i skulen på Fitjar har vore aukande dei siste åra. Men at dette året toppar alt. Og det er gode og varirete søkjarar det er snakk om.

Sjølv om nokon av dei ikkje har pedagogikk og såleis ikkje er fullt ut kvalifiserte, er det nok av søkjarar igjen som er det.

– Dette tyder at det blir godt kvalifisert personell som vert tilsett som lærarar i Fitjar, smiler Raunholm.

Mest kvinner
Det einaste som er litt trist er at det er lite menn som har søkt. Berre ni av dei 61 søkjarane er av mannleg kjønn.

– Slik det er i skulane i Fitjar no er det sterk overvekt av kvinner blant dei tilsette pedagogane, og me treng sårt fleire menn i skulestova. Så i tilfelle der kvalifikasjonane elles er like, vil nok menn vere å foretrekkje når me skal velje ut kven som skal tilsetjast, seier skulesjef John Karsten Raunholm, til slutt.