Helsesenter i sentrum eller i Havn?

I denne månaden skal det avgjerast kva for lokalitetar det nye helsesenteret skal ha. Rådmannen går inn for delt løysing i Havn, subsidiært Bankbygget eller Larsenbygget. Utval for oppvekst og omsorg ønskjer Bankbygget. Saka skal opp i formannskapet på torsdag.

Rådmannen hadde følgjande tilråding før møtet i Utval for oppvekst og omsorg:

Utval for oppvekst og omsorg rår formannskapet til å gjera fylgjande vedtak:

Formannskapet rår kommunestyret til å gjera fylgjande vedtak:

Fitjar kommune vel ei delt løysing med helsestasjon i eksisterande lokale, og legesenter i tannlegefløyen på FBB.

Investeringsramma på 3,9 mill. vert auka til 4,2 mill. Kommunestyret gir løyve til oppstart av tiltaket.

Subsidiært (dersom ein ynskjer samla løysing):

Formannskapet rår kommunestyret til å gjera fylgjande vedtak:

Fitjar kommune vel ei samla løysing med helsestasjon og legesenter i Todlak/Larsenbygget.

Ordførar får fullmakt til å skriva under leigekontrakt med Investeringsramma på 3,9 mill. vert auka til 8,2/10,0(10,5) mill. Kommunestyret gir løyve til oppstart av tiltaket.

Behandling i Utval for Oppvekst og omsorg – 12.04.2016:

Rådmann Atle Tornes orienterte om saka. Utvalet drøfta saka grundig. Representanten Harald Rydland (KRF) kom med fylgjande framlegg til tilråding: Formannskapet rår kommunestyret til å gjera fylgjande vedtak:

1. Fitjar kommune vel ei samla løysing med helsestasjon og legesenter i Sparebankbygget.

2. Ordførar får fullmakt til å skriva under leigekontrakt med Todlak AS i tråd med det som kjem fram i saksutgreiinga.

3. Investeringsramma på 3,9 mill. vert auka til 8,2 mill.

4. Kommunestyret gjev løyve til oppstart av tiltaket.

Ved røysting fekk representanten Harald Rydland (KRF) sitt framlegg 3 røyster (SP, AP og KRF). Rådmannen sitt framlegg fekk 2 røyster (H), og fall.

Utval for oppvekst og omsorg rår formannskapet til å gjere det same vedtaket.

Les meir på sida til Fitjar kommune.