Klart for ny Strandabasar

Frå basaren i fjor. Foto: FP-arkiv/AV

Laurdag 23. april kl 16.00 er det klart for ny basar i Stranda bedehus.

Den tradisjonsrike basaren brukar å fylle bedehuset. Ikkje berre av strandafolk, men folk fra dei fleste kretsane i Fitjar – og stordafolk med – har fylt huset vår etter vår.

Som vanleg vert det andakt, allsong, solosong, åresal, sal på bok og noko å bita i. Og så er det den gode drøsen då…

Basaren er til inntekt for NMs og vert arrangert av Stranda kvinneforening. Leiar er Tordis Eide som tok over som leiar etter Else Hovland i 2014. I tillegg til desse to er Reidun Børtveit, Bodil Nesse og Gerd Eide med i foreininga. 

John Karsten Raunholm har vore fast mann med trekkjeapparatet i mange år. Foto: FP-arkiv/AV

Strandabasaren er ein basar av det gode, gamle slaget, og det er vel verdt å ta turen.