Lesarinnlegg frå Geirmund Aga

 

Geirmund Aga har sendt oss eit lesarinnlegg som du kan lese nadanfor.

 

Kjære Fitjarbu!

 

Kva er ei kommunegrense? Kva er ein kommune? Kva tid var du sist på kommunehuset? Etter mitt syn tyder er ei kvar grense begrensing. Me er komen til 2016, og me må stille oss sjølv desse spørsmåla: – Kva er vårt behov? Kva teneste ynskjer me? Kven kan gi oss desse best? 

 

Stadig meir av kvardagen vår blir digitalisert. Behova våre er annleis. Me treng meir solide kommunar med ei tyngde til å møte nye utfordringar. 

 

Det nærmar seg eit viktig vegval. Skal me akseptere at den eldre delen av befolkninga nok ein gong skal ta ei viktig avgjerdsle som ikkje gagnar framtidas innbyggjarar på Fitjar?

 

Me må sei JA til å byggja ein ny framtidsretta kommune saman med Stord.

 

Me må vera rusta til å møta den omstillinga me må ha for å oppretthalda eit levande lokalsamfunn på Fitjar. Det er i denne omgangen at me har avtalar som SIKRAR at me kan oppretthalda den gode skulen me har. SIKRAR at me kan oppretthalda det rike og gode kulturlivet som me har. SIKRAR at me kan tilby dei tenestene me må ha for å ha eit godt tilbod til innbyggjarane. 

 

Me må sei JA for å fortsetje å byggja og utvikla Fitjar til å bli ein attraktivt stad å bu, også i framtida. Eit nei til bygging av ny kommune vil føra til at me i framtida ikkje kjem til å ha nok resurssar til å oppretthalda det tenestetilbodet me har i dag. Dei skulane og eldreomsorgen me har. Og ikkje minst det rike kultur- og idrettstilbodet. ( Dette er tenester som vil måtte kutta på først ). Ikkje på grunn av nytt inntektsystem. Men fordi olje og gullalderen ikkje varer evig.

 

Det er egoistisk av dei eldre å stemma nei. Da har de bygd opp ein kommune for å overlate den til vår generasjon for å måtte ruste den ned.

 

Me må sei JA for å sikre at me har eit fagmiljø som kan utvikle seg i takt med at me går ifrå oljeøkonomi til kunnskapsøkonomi.

 

Me må endra  tanken ifrå å tenke samanslåiing. Det me snakker om er å byggja ein ny felles kommune med mål om å vere rusta til å levera gode tenester i framtida til det beste for HEILE øya. VÅRT felles bu og vår -arbeidsmarknad. 

 

Eg vil avslutta med eit sitat ifrå Winston Churchill: 

 

” To get better you need to change, to be perfect you have to constantly change.” – For å bli bedre må ein endrast og for å bli perfekt må ein kontinuerlig utviklast.

 

Me må gå for ei framtidsretta løysing: Stem JA for å byggja ein ny kommune!! Stordafolk er kjempekjekke folk!!  

 

Geirmund Aga

 

 

Fitjarbu!!