Årsmøte med utdeling av Næringsprisen

– Velkomen til spennande møte i Næringsrådet, oppmodar dagleg leiar i Atheno Astrid K. Steinsland, ordførar Wenche Tislevoll og leiar i Næringsrådet Monika Hatlevik. Foto: Odd Sverre Larsen.

Når Fitjar Fitjar Næringsråd har årsmøte på Fitjar Fjordhotell 21. april kl 18.00-20.30 er det og duka for utdeling av Næringsprisen 2015 til Heimli AS ved Asbjørn VIk.

Det er Fitjar Næringsråd, Fitjar kommune og Atheno som inviterer til møtet som denne gongen og er ope for andre enn medlemane i Næringsrådet. 

Temaet for årsmøtet er: «Sjå moglegheitane – gjer noko med dei», med følgjande tankar knytta til dette:

 – Fitjar er ein god kommune å bu, leva og arbeide i. Slik vil me at det skal vere i framtida også. 

  • Kva moglegheiter finnast i Fitjar og regionen vår?
    Korleis sjå desse moglegheitene?
    Korleis gjere noko med dei?

Det vert innlegg av dagleg leiar Astrid K. Steinsland frå Atheno og redaktør Magne Kydland i Sunnhordland.

Vidare vil Johannes Sandvik og Jorunn Hernes presentere «Port Steingard», og ungdomsbedrifta «Bringebæret UB» ved Fitjar vgs som nyleg vann pris, vil og presentere seg før Næringsprisen vert utdelt av ordførar Wenche Tislevoll.

Påmelding til: monika.hatlevik@haugnett.no  / 995 18 838