Fitjarjenter representert på UKM i Bergen

Stina Vik og Miriam Træet  ved bileta sine på fylkesmønstringa. Foto: Bente Bjelland.

I år var Fitjar representert med to kunstnarar på fylkesmønstringa i UKM på USF verftet i Bergen i helga.

Det var Stina Vik og Miriam Træet. Stina deltok med Akrylmaleriet «Den røde dame» og kolstifteikninga «Leopard». Miriam Træet med Akrylmaleriet «Lemon». Grunnlaget var at dei kvalifiserte seg for fylkesmønstringa under UKM på Stord tidlegare i år.

Jentene overnatta to døger på Nordnes skule i Bergen og fekk mellom anna vere med på workshops

– Det var og gøye sosiale aktivitetar, og me koste oss heile tida, seier ei nøgd Miriam til Fitjarposten. – Og så var det kjempekjekt å treffe alle dei andre som var der og sjå kva dei hadde fått til, legg Stina til.

Om dei går vidare til landsfinalen får dei vite om ikkje lenge. Det vil i tilfelle bli ei ny stor oppleving, anar me.

 

fortel kultursjef Bente Bjelland til Fitjarposten.