God innsats mot eit betre lag

Henriette Tranøy har spelt seg fri og reduserer til 1-3. Foto: Kjetil Rydland

Fitjardamene i 7ar-fotball kjempa godt i sin andre kamp for sesongen. Sjølv om det vart tap netta dei tre gonger. Det er bra!

Kampen som gjekk på Kunstgrasbanen, hadde gode forhold trass i ein kald nordavind. Men «Juristforeningen» frå Bergen som var motstandar i dag, var nok totalt sett eit betre lag. Kjappe var dei, og godt spelte dei.

Likevel. Fitjar har Elin Rydland. Ei spelar som stadig held høgt nivå. I dag stod ho for to skot i stolpen, og ein susar av eit langskot som dundra i nettet, totalt utan sjanse for keeper. Hadde ho hatt marginane på side hadde gjerne fleire susarar gått inn.

Men Elin var sjølvsagt ikkje åleine om å gjere ein god kamp. Innsatsen var jamt over god, og med 4-5 mot Skansen sist, og 3-6 i dag mot eit godt lag, ser det slett ikkje gale ut.

Dei to andre målskårarane til Fitjar var Henriette Tranøy og Lisa Volden.