Folksamt og hektisk i Ask-forsvaret i byrjinga av kampen. Foto: Kjetil Rydland.

Uavgjort for A-laget i serieopninga

Fitjar måtte nøya seg med eitt poeng etter 2-2 mot Ask heime i den første kampen sin i årets 5. divisjon.

Fitjar fekk utsett debuten i 5. divisjon etter fjorårets nedrykk med ei veke, noko Kjell Træet ikkje hadde så mykje imot. Fleire av dei faste spelarane hans har nemleg slite litt med småskadar, og kunne ha god bruk for nokre ekstra dagar til å pleia forma. 

Og frå starten av kampen kunne det sjå ut som om dei hadde nytta den ekstra veka godt. Fitjar kom best i gang og dominerte i rundt ein time mot gjestene frå friidrettsbygda på austsida av Askøy. Fleire fine sjansar måtte nesten gi utteljing, og etter eit knapt kvarter gjekk dei opp til 1-0 ved Badi Hurasi. Fint forspel av Jonas Tislevoll og Thomas V. Waage gjorde at Badi fekk ballen i god posisjon midt i Ask-feltet. Han sette ballen kontrollert i nettet, utan at verken forsvaret eller keeper hadde sjanse til å nå fram.

Fitjar heldt oppe trykket resten av første omgang, sjølv om dei fekk seg ein lei nasestyvar etter 27 minutts spel. Høgreback Sander Tverborgvik fekk raudt kort etter ei takling og påfølgjande «håndgemeng». Kort etter tok Jonas Tislevoll ballen med seg på venstrekanten, og scora sikkert frå kort hald og skrå vinkel. 2-0 blei pauseresultatet etter ein oppløftande omgang, sikkert det beste spelet Fitjar har vist så langt i år. Dei kunne gjerne ha scora både eitt og to mål til på fleire fine tilbod framfor målet til Ask. Det kunne komme vel med, skulle det visa seg, sjølv om Ask så langt i kampen ikkje hadde vist spel som kunne truga ein sikker trepoengar for Fitjar.

Andre omgang heldt fram som første, og me noterte mykje fint angrepsspel frå heimelaget si side. Men mål blei det ikkje, og den første store målsjansen etter pause var det gjestene som stod for. Eit kvarter ut i omgangen fekk Nils Ingar Tislevoll ei veldig dårleg pasning i beina, og fekk ikkje klarert. Ask-angriparen rana til seg ballen og kom åleine mot Oddgeir Træet. Berre ei kjemperedning av Fitjar-keeperen hindra redusering for gjestene. Eit par minutt seinare måtte Oddgeir henta fram ein ny flott redning, då eit fint Ask-skot kom i bane over han med retning under tverrliggjaren.

Desse to sjansane bar bod om at kampen var i ferd med å snu. Ask-spelarane fekk trua på at dei kunne lykkast, og med litt hjelp av den isande nordavinden sette dei inn ein imponerande sluttspurt. Vel eit kvarter før slutt blei Tord A. Skjervheim spelt gjennom eit ope Fitjar-forsvar og scora sikkert. Og få minutt seinare kjempa Martin Sture seg gjennom Fitjar-forsvaret og utlikna.

I sluttminutta var det Ask som hadde dei største sjansane, og dei kunne faktisk ha rana med seg tre poeng frå Fitjar i dag. Mest kritisk var det då Fitjar måtte redda nærmast på streken knapt fem minutt før slutt. Men kampen ebba ut med to mål til begge lag, i ein kamp der Fitjar kanskje hadde fortent meir enn eitt poeng. Men då måtte dei ha gjort seg fortent til det ved å punktera kampen før dei sleppte Ask inn att.

Badi Hurasi blei utropt til dagens Fitjar-spelar, og kan venta seg ein middag på Fitjar Fjordhotell. Fortent nok, men Kjell André Thorland hadde nok også fortent ein middag. Elles var det bra kjemping over heile linja på Fitjar i dag, men laget er nok sårbart for skader. Neste heimekamp for Fitjar i 5. divisjon avd. 03 er ikkje før måndag 9. mai mot Nore Neset. Før den ventar to tøffe bortekamper, mot Stord 2 komande fredag, og mot Smørås 2 søndag 1. mai.


Ask-forsvaret hadde mykje å stri med i byrjinga av kampen. Foto: Kjetil Rydland.


Dagens Fitjar-spelar, Badi Hurasi, gir Fitjar 1-0 etter knapt eit kvarters spel. Foto: Kjetil Rydland.


Ein innsatsvillig Jonas Tislevoll scora etter rundt ein halvtimes spel. Foto: Kjetil Rydland.

Fitjar – Ask 2-2 (2-0)
Seriekamp 5. divisjon fotball, herrar
Fitjar idrettspark, laurdag 16. april kl. 15.00
Tilskodarar: 100
Mål: 1-0 Badi Hurasi (13.), 2-0 Jonas Tislevoll (29.), 2-1 Tord A. Skjervheim (73.), 2-2 Martin Sture (79.)
Gult kort: Øyvind Fykse Lie, Fitjar (35.)
Raudt kort: Sander Tverborgvik (26.)
Dommar: Geir Inge Myrvold, Eikelandsfjorden IL
Fitjar sitt lag:
Oddgeir Træet, Sander Tverborgvik, Nils Ingar Tislevoll, Torbjørn Korsvik, Johannes Myhre (André Helland 68.), Helge Træet, Øyvind Fykse Lie (Mats Westvik 77.), Kjell André Thorland, Badi Hurasi, Jonas Tislevoll (Sebastian T. Thomassen 80.) og Thomas V. Waage (Frode Malkenes 68.)