– No skal me ta mykje lodd

TIttelen syner til  ein spontan reaksjon hos desse tidlegare elevane på Fitjar vgs under jubileumsfesten for skulen sitt Ukrainaprosjekt. Felles for dei alle var at dei jobba for dette prosjektet då dei gjekk på skulen for tre år sidan. Bilete: F.v. Mari Sætrevik, Elida Sjo Alsaker, Sandra Sawicka, Susanne Lie Polden og Rezwan Kadir med den ukrainske statuetten. Foto: Håkon C. Hartvedt

Fleire av dei var med på tur til Bobrinets der skulen har hatt prosjekt på både ein barneheim og eit eldresenter. – Turen gjorde noko med oss, me har fått eit anna syn på ein del ting i livet, og er nok og meir bevisst på kor godt me har det her i landet. Når me såg filmen frå tidlegare turar her i kveld, fekk me lyst til å ta turen ein gong til. Det var rørande og sterkt! Og no skal me ta masse lodd, let det.

Det var i 2006 at Sissel Jørgensen og Erling Grov ved Fitjar vgs begynte å ta turen til Bobrinets i Ukraina med elevar frå barn- og ungdomslinja ved skulen, og i samarbeid med Willy Ersland som då dreiv «Barmhjertighetsbussen».  Det vart oppretta kontakt med Emanuel Church og pastor Jurij på staden som sytte for at det dei hadde med kom ut til dei som verkeleg trong denne hjelpen.

Dette arbeidet har så fortsett, og sjølv om Willy Ersland ikkje har vore med dei i dei siste åra, har samarbeidet med kyrkjelyden fortsett – og filmen dei viste i går kveld dokumenterte på alle måtar at dei har fått vore med på å gjere ein forskjell.

– Eg har av og til lurt på kvifor eg gjer dette, men når eg ser filmen oppatt, skjønar eg det, sa Sissel Jørgensen i ein kort helsing under festen. Og ho har all grunn til å seie så. Nye senger og nytt bad er berre noko av det dei har kunne hjelpe til med.

Ukrainske Alyona Khodykina som har vore tolk for dei i alle år, var henta over til Fitjar i samband med jubileet. No skal ho og venninna få oppleve Norge i tre veker medan dei bur litt hos Sissel og litt hos Willy.

– Det er eit privilegium for meg å vere her. Gratulerer med jubileet. Det de har gjort for oss syner at de har eit stort hjarte, sa ho mellom anna og overrekte ein ukrainsk statuett i presang.

Sentrale i Ukrainaprosjektet. F.v. Alyona Khadykina, Erling Grov, Sissel Jørgensen og Willy Ersland. Foto: Håkon C. Hartvedt

Assisterande rektor Dan Torbjørnsen ved Fitjar vgs retta ein spesiell takk til Erling Grov og Sissel Jørgensen på vegner av skulen.

– Utan dykkar engasjement hadde aldri det blitt noko av dette, sa han.