Finn-Arne Lauvås til Fitjar

Den kjende songaren, evangelisten, bibellæraren og forfattaren Finn-Arne Lauvås har bibelveke på Fitjar bedehus onsdag 20. april til søndag 24. april.

Finn-Arne Lauvås er opphavleg frå Mo i Rana, men heimstad-adressa hans har no i mange år vore Skudeneshavn. 

Finn-Arne Lauvås vart omvendt som 24 åring, og sidan 1997 har han vore i heiltidsteneste for Evangeliet. Han har møte og kampanjar i ulike evangeliske kyrkjesamfunn i Norge. I tillegg har han hatt evangeliske kampanjar i Aust-Europa, Skottland, England, Sør-Amerika og Asia. Han har også undervist ved forbodne bibelskular i Kina.  

Jesus Kristus er alltid det sentrale temaet i Finn-Arne si forkynning. Han har også skrive ein del bøker om det nye livet i Kristus. Som songforfattar har han eit rikt repertoar. Mest kjend er nok sangen hans «Nå er jeg på vei til Himlens land».