Stadig på landslaget
Kari, med ballen, mot Polen. Foto: Norges Rugbyforbund.
Kari Fykse Lie frå Fitjar er igjen tatt ut på Norge sitt damelandslag i rugby.
– Kari spelar til dagleg for BSI Rugby i Bergen, og har etter kvart blitt ein av dei viktigaste spelarane på det norske laget i sin rolle som playmaker. Det seier leiar og manager for Rugbylandslaget, Cathinka Walberg, til Fitjarposten.
Ho fortel vidare at sjumannsrugby er raskt veksande i Norge og på verdsbasis, og blir frå sommeren av med på OL-programmet.
Landslagstroppen som Kari er ein del av skal forsvare Norge si ære i EM som går i Tsjekkia og Ungarn i juni og juli.
Mot Romania. Foto: Håkon C. Hartvedt
Kari som langslagskaptein under EM i Bergen i 2014. Foto: FP-arkiv/Kjetil Rydland
Fitjarposten vil prøve å følgje Kari vidare i hennar karriere.
Så òg www.rugby.no