Mykje hjort ute i mørket. Foto: Kjetil Rydland.

Mykje hjort på Årbø i går kveld, desse to stod ein augneblink i ro for fotografen. Foto: Kjetil Rydland.

Under hjorteteljinga i går kveld fekk me auga på over 50 hjort ute i mørket i Fitjar.

Det er Fitjar Bygdeservice som har ansvaret for å telja hjort i Fitjar. Karl André Rydland og Tore Sigurd Fitjar tok over oppdraget i fjor, og gjer jobben saman med Ronny Korneliussen, som har hatt ansvaret i Fitjar kommune i mange år, før dei to andre kom med.

I lyset frå den lause 1000-meteren viser Karl André kor me skal køyra. Foto: Kjetil Rydland.

I går hadde Karl André hyrt inn Arne Mork som vikar for dei to andre veteranane. Men Arne er ingen dårleg erstattar. Han er ein ivrig hjortejeger, og har nyleg teke blodsporprøven saman med den to år gamle elghunden Milla. Det er Karl André sin hund, som han meir enn gjerne låner ut til Arne. Det er ein interessant jobb å søkja etter skadeskoten hjort, men Karl André har drive med det i svært mange år, og gler seg over at ein ung mann vil ta over.

Før me kasta loss i går kveld, gjekk Karl André gjennom løypa med den nye hjelpesmannen sin. Dei køyrer ei fast løype gjennom Fitjar-bygda, forbi dei fleste bakkane der det plar vera mykje hjort. Og dei køyrer nøyaktig same tidspunkt som dei gjorde gjorde i fjor, same dato og same klokkeslett. Dei køyrer rundt ein gong i veka, seks torsdagar på rad, og etter gårsdagens turne er dei halvferdige med årets jobb.

Den første torsdagskvelden såg dei over 60 hjort, fortel Karl André, og for ei veke sidan litt færrre. Derfor hadde me håp om å sjå mykje hjort då me la i veg. Sidemann og sekretær Arne Mork lyste over bakkane og inn i buskar og kratt med ein laus «1000-meter», ei halogenlykt med 55 watts pære. Det var ikkje mange hjortar å sjå på vegen frå Breiavikjo, over Dalen og Nesbø. Talet tok seg ikkje opp før me snudde på Vekslimyro i Rydlandsskogen, og tok for oss dei «feite» hjorteområda på Rydland og Årbø.

- Annonse -

Her såg me eit yrande hjorteliv på bakkane, og over vegen kom dei på rekkje og rad, koller, kalvar og store og små bukkar med og utan horn. Sekretæren fekk det travelt med å registrera og kryssa av koller, kalvar og bukkar. For tida har dei fleste bukkane felt horna sine, men ikkje alle. Derfor kan vera vanskeleg å avgjera i om det er ein bukk du ser i mørket. Det er ikkje alltid du får studert hjorten så nøye i lyset frå 1000-meteren, og om dei ikkje klarer å bestemma kjønn og alder på dyret, blir det registrert under kategorien «ukjent».

På Liarbø såg me ikkje hjort, men det tok Karl André skulda for sjølv. Han har nemleg køyrt møk der i det siste, og då går det nokre dagar før hjorten kjem tilbake. Hadde den faste gjengen på 8-10 dyr vore på plass, hadde me runda 60 dyr i mørket i går kveld. Etter ein svipptur om Landa og Levåg kom me nemleg opp i 51 dyr. Slett ingen dårleg fangst, og kanskje litt tankevekkjande for oss som ikkje ser så mykje hjort når me er ute og køyrer. Før du veit ordet av det, kan ein hjort hoppa ut i vegen framfor deg. Så ver på vakt!

Resultatet av hjorteteljinga blir sendt til Fitjar kommune, og går inn i hjorteviltregisteret. Under jakta må alle jegerar registrera all hjort som dei observerer. Saman med «Sett hjort»-skjemaet utgjer hjorteteljinga kvar vår grunnlag for viktig statistisk materiale, som blir brukt i forvaltninga av hjortevilt.