Informativt og nyttig

Godt med folk på folkemøtet i Øvrebygda.Foto: Håkon C. Hartvedt

Tittelen syner til det svært mange uttrykte etter folkemøtet i Øvrebygda i går kveld. Nokon av dei Fitjarposten snakka med med meinte vidare at det stod betre rusta til å stemme 25. april etter dette møtet.

Dei store bølgjene var det heller ikkje. Sakleg og greitt spurte folk om både det eitt og hitt, både dei som var tydeleg mot og dei som var tydeleg på at dei meinte ja. Men om det tyder noko var det berre nokre få nei-innlegg som fekk applaus frå salen.

Ordførar Wenche Tislevoll og assisterande rådmann Andreas Moe Larsen heldt gode og informative innleiingar, og Larsen synte seg etterpå som ein svært god møteleiar. Begge heldt dei fram utfordringane og knallharde prioriteringane som vil kome om me vel  å drive Fitjar vidare som eigen kommune. Mellom anna vil berre det å miste småkommunetilskotet på 5,4 millionar vere utfordring nok, meinte han og lista opp kva 5,4 millionar kroner vil seie i praksis.

– Skal me ta inn 5, 4 millionar kan ein til dømes seie at det ugjer 1/3 av administrasjonskostnadene eller nedlegging av krinsskulane eller nedlegging av ei avdeling på sjukeheimen inklusiv institusjonskjøkken eller å auke eigedomskatten med 150 %. I tillegg tapar ein gulrøtene som ventar om ein slår seg saman.

Agnar Aarskog (Ap) tok seinare i møtet tak i desse gulrøtene og meinte at i den nye kommunen sitt totalbudsjett, vil dei ikkje utgjere meir enn 0,1-0,2 %, så svært store summar er det ikkje snakk om, understreka han. 

Frå salen vart det mellom anna spurt om garantiar, småkommunetilskot, basistilskot, fagkompetanse, om ikkje det er «skremselspropaganda» ute og går og om korleis samhaldet mellom Fitjar og Stord vil bli.

Vidar Giske stilte mellom anna spørsmål om småkommunetilskot og basistilskot. Foto: Håkon C. Hartvedt

Roger Nesbø ville mellom anna vite om politikarane vil høyre på folket. Foto: Håkon C. Hartvedt

Karen Elisabet Rydland Sæbø stilte spørsmål om korleis samhaldet mellom Stord og Fitjar vil bli og om korleis me kan bevare våre særfordelar. Foto: Håkon C. Hartvedt

Lovise Vestbøstad stilte spørsmål om fagleg kompetanse og prioriteringar. Foto: Håkon C. Hartvedt

Til slutt fekk politikarane ordet til kvar sin appell, og nedanfor følgjer noko av det dei sa.

Sigurd Andre Maraas (Frp)
– Eg trur på ein robust kommune for framtida om me stemmer ja!

Agnar Aarskog (Ap)
– Intensjonsavtalen er ikkje god nok m.o.t. til Midtfjellet og lokaldemokratiet. Prosessen har og vore dårleg. Seier me ja er det ingen veg tilbake. Men me vil bøye oss for folkefleirtalet.

Grete Marit Veka Maraas (Sp)
– Einig med Agnar. Vil elles seie at det er det er veldig flott her i Fitjar, og me skal klare oss åleine i framtida og.

Arne Prestbø (H)
– Eg er fitjarbu og vil alltid vere det. Men dette handlar for meg om me har råd til å la vere å gå inn i ein større eining. Eg kjem kanskje til å bruke hovudet meir enn hjarta når me stemmer. Me vil uansett resultat følgja folkefleitalet. Engasjer dykk og stem 25. april.

Harald Rydland (KrF)
Rådet frå KrF er å stemme nei 25. april. Og det er to grunnar til at me meiner det:

1. Me ville hatt større kommune enn berre Fitjar og Stord om me skulle slå oss saman med andre.

2. Intensjonsavtalen er for dårleg på fleire punkt.

Men om me 22. juni sit me andre kunnskapar enn no, må me vurdere kva me skal gå inn for i kommunestyret. 

Wenche Tislevoll (H)
– Det er fordelar og slempar ved begge alternativa. Men det vert størst endringar om me står åleine. Og størst risiko. Eg er viss på at me sikrar tenestetilbodet vårt best i ein meir slagkraftig kommune. Trur og at ein samanslåing vil styrkje lokaldemokratiet.

Dette er eit val for framtida. Me kan ikkje drive på kjensler!