Ein del gode innslag

Fredrik Rogne og Rudi Rimmereide i «Nyheit på Nyheit». Foto: Håkon C. Hartvedt

Fitjarrussen 2016 reklamerte med «ein legendarisk og fortryllande revy». Det vart det diverre ikkje, men ein del av innslaga var verkeleg bra.

Då tenkjer me ikkje minst på Fredrik Rogne og Rudi Rimmereide sin versjon av det kjende TV-programmet «Nytt på nytt» som dei kalla «Nyheit på Nyheit».
Gode poeng, godt gjennomarbeid og svært dyktig framført. Like eins vil me trekkje fram Fredrik sin parodi på lærar André Olsen Aadland og David Vikanes sin prestasjon som rektor Leif Helge Engelsen.

Ein del dansenummer og songinnslag var òg jobba godt med, og gjengen på gamleheimen som plutseleg slår til med livat dans, med påfølgjande ryggproblem, fekk òg lattermusklane i aksjon. Det låg òg gode idear i botn på fleire av dei andre nummera, men gjennomføringa stod ikkje alltid heilt i stil med den gode ideen.

«Fitjarrussen» med god song og dans. Foto: Håkon C. Hartvedt

Roleg på «Gamleheimen» før dei slår til med ellevill dans. Foto: Håkon C. Hartvedt

David Vikanes som rektor Leif Helge Engelsen. Foto: Håkon C. Hartvedt

Likevel: Russerevy er russerevy. Det er begrensa kva ein kan få til i eit travelt eksamensår. Så totalt sett var det heilt greitt, ikkje minst for dei som kjenner dei (lærarane) som vart parodiert.