Førsteinnsats for å redde liv i Fitjar kommune

Foto: Odd Harald Turøy

Brannmannskap i Fitjar fekk i går og i forgårs vidare opplæring i livreddande førstehjelp for å stå i beredskap der folk bur mer enn 20 minutt unna ambulanse.  Stiftinga Norsk Luftambulanse stod for prosjektet, med økonomisk støtte frå Fagforbundet.

Dei første minutta er livsviktige for pasienten. 

– Vårt oppdrag er å redde liv, og skal ambulanse- og luftambulansepersonell lykkast, er det viktig at pasienten blir tatt hand om før medisinsk personell rekk fram, seier prosjektleiar Børge Hognestad i Norsk Luftambulanse.

Mannskap i ei rekke kommunar i Norge har så langt fått opplæring og er i beredskap. Såleis Fitjar òg. Dei disponerast av alarmsentralen 113, og blir sendt ut umiddelbart for å yte livreddande førstehjelp og tilsyn mens pasienten ventar på ambulanse eller lege.

Prosjektet som heiter «Mens du venter på ambulansen» har allereie redda liv, og vil kunne redde liv også her i Fitjar.

 – Brannmannskapa rykker ut på såkalte raude responsar og har allereie redda personar med hjartestans. Andre livreddande oppdrag kan vere pasientar med ufrie luftvegar og folk med pusteproblem, som treng oksygentilførsle, understrekar prosjektleder Hognestad vidare.

I løpet av 2016 vil denne beredskapen vere etablert i 130 norske kommunar. Det betyr at ca. 3000 akutthjelparar er klar til å rykke ut for å hjelpe hardt skadde og alvorleg sjuke menneske i sitt nærmiljø.

 – Dette er entusiastar som står i beredskap for å hjelpe andre, og for å skape tryggleik i heimbygda si, seier prosjektleder Børge Hognestad og presiserer at dette er ei ordning som kjem i tillegg til den allereie etablerte beredskapen i kommunane og at akutthjelparane ikkje er helsepersonell.

Foto Tore Nesbø.