Bli kjent med Klubben

Går du i 4. klasse kan du no bli kjent med Klubben som eigentleg er for born frå 5. – 7. klasse. Foto: Klubben

Det er Kjerstin Stokken som skriv dette til Fitjarposten på vegner av leiarane i Klubben i Fitjar Bedehus i og med at 4. klassingane er invitert spesielt i morgon 14. april då Klubben har si siste samling før sommaren.

– Du kan få kome og sjå korleis me har det på Klubben og vere med på aktivitetar, andakt, song og mat. Det heile skjer frå kl 18,45 – 20,30.