Ein heilt annan tone

Tonen i debatten om kommunesamanslutning var ein helt annan på møtet  i Dåfjorden enn i Fitjar sentrum. Det er bodskapen frå dei fitjarposten har snakka med etter møtet. 

Det vert elles meldt om bortimot fullt hus og stort engasjement. Møtet varte i to timar, men etter fitjarposten erfarer kunne det lett ha vart to timar til.

Mange hadde ordet, både for og imot. Men det var altså ein heilt annan tone som rådde enn i sentrum.Nokon av dei som og var på møtet i Kultursalen uttrykte at dei synest det var pinleg korleis Stord vart nedsnakka på det møtet. Etter møtet på Selevik skule vart det frå begge sider gjeve uttrykk for at dei syntest at møtet hadde vore informativt og bra.

– Det er kanskje litt spesielt for oss her i Dåfjorden. Mange har budd på Stord før, og mange av oss jobbar der. Så vi er ikkje så «redd» Stord. Vi har heller ikkje så mykje å tape utanom skulen. Men den har me måtte kjempe for i alle år, uansett, seier Reidun Sørensen til Fitjarposten.

Toralv Røen er inne på det som gjer Dåfjorden spesiell og som han sjølv i stor grad er eksponent for. – Det råder ein positivisme iblant oss her ute, og difor sit me ikkje alltid og ventar, men tar tak og får gjort ting sjølv, seier han.