Tidlegare ordførar Johannes Koløen med eit klårt standpunkt mot kommunesamanslåing. Foto: Kjetil Rydland.

Frisk debatt om kommunestrukturen

Dei fleste debattantane markerte sterk motstand mot kommunesamanslåing under folkemøtet i Fitjar kultur- og idrettsbygg i går.

Etter at Wenche Tislevoll, Atle Tornes og Harry Herstad hadde hatt sine innlegg, tok gruppeleiarane, ordføraren og rådmannen plass i panelet, og tilhøyrarane fekk koma med det dei hadde på hjarta. Sigurd Andre Maraas, Frp, var på arbeid og kunne difor ikkje delta i møtet. Det var sett av god tid til debatten.

Arne Bergsvåg var først ut: I Fitjar bryr folk seg om kvarandre og her er godt å bu. Det vert truleg endringar på mykje framover. Han høyrer lite om fordelane med samanslåing. For dårleg info om etter-situasjonen. Ordføraren svara: Me bryr oss like mykje om kvarandre uansett. Det står ein del i avtalen om framtid og tenester.

Marianne Aarbø: Dersom ein avtale ikkje fungerer: Kan ein stryka den då? Korleis forpliktar den? Arne Prestbø, H, svara: Det er ein signert prinsippavtale som syner prinsippa som ligg til grunn.

Agnar Aarskog, Ap, streka under at me må ikkje snakka ned eigen kommune. Det er positivt at Fitjar er vekstkommune. Avtalen er ein intensjonsavtale.

Harald Rydland, KrF, tenkjer framover. Kommunane får oppgåver dei ikkje greier å løysa åleine og treng samarbeid. Interkommunale selskap kan svekka demokratiet for mykje. Difor er det moment som talar for samanslåing.

Gisle Levåg hadde to spørsmål: Kva med Bømlo, Austevoll, Kvinnherad og Tysnes? Ser ikkje dei at kommune-Norge er i endring? Og – kor mange arbeidsplassar skal eventuelt flyttast frå Fitjar til Stord? Svar frå ordføraren: Dei store kommunane i distriktet kan greia seg åleine inntil vidare, men har utfordringar. Det er ikkje fastsett kor mange arbeidsplassar som må flyttast til Stord.

Grete Marit Veka Maraas, Sp, ynskjer å spissa avtalen. Den varer berre til første møtet i nytt kommunestyre.

Kari Giske hadde mange konkrete spørsmål til økonomi. Fitjar har gode tenester i dag. Korleis halda på dei? Rådmannen svara: Ved samanslåing vert det meir pengar i systemet til å oppretthalda tenestene enn å halda fram kvar for seg.

Svein Lunde såg at ekstra tilskot i oppstartsåra skal nedtrappast over fem år. Kva då? Agnar Aarskog, Ap, svara: Sjå på Re kommune, frivillig samanslåing for mange år sidan. No har overgangsmidlane teke slutt, og dei slit no med å ta ned drifta.    

Per Bergesen synte til at Stord var lenge på Robæk-lista, og dei har no stort oppsamla investeringsbehov, over 1 milliard over 10 år. Det gir ikkje rom for investeringar i Fitjar. Agnar Aarskog, Ap, svara at han tenkjer det same. Kva vert vass- og avlaupsavgiftene framover?

Ordføraren kommenterte at Fitjar åleine ikkje  har rom for særlege investeringar framover slik økonomien ser ut.

Magnus Mjør, rådmann i Stord, var samd i at Stord har hatt utfordringar og etterslep. No investerer dei 200 mill. dei første to åra.

Geir Tore Søreide ser ikkje mykje frivillig i kommunereforma så langt. Det nye inntektssystemet er ikkje vedteke, og tenester vert ikkje betre ved samanslåing. Det er lite som imponerer i Stord kommune i dag. Spør ein sagvågar om råd! Han vil seia: Hald dåke vekke frå Stord! Det fekk Sigbjørn Framnes, Frp i Stord, til å reisa seg. Eg er frå Sagvåg, og eg røystar ja, sa han.


Geir Tore Søreide med tunge argument mot å gå inn i Stord kommune. Foto: Kjetil Rydland.

Jostein Skram stilte spørsmål om eige lokalutval i Fitjar. Får dei tilsvarande i Sagvåg, Leirvik og Nordbygdo?

Johannes Koløen: Eitt er sikkert: Framtida vert ikkje slik me trur ho vert. Avtalen er politisk svada og held ikkje lenger enn til første debatt i nytt kommunestyre. Syner til Midtfjellet-avtalen med Fitjar. Det held ikkje juridisk det som er skrive om den i intensjonsavtalen.

Evy Skogedal har god erfaring med tenester i Fitjar, der det er lite byråkrati, og dårleg erfaring frå større kommunar. Og – ordet robust: Ordet seier ikkje noko, men alle brukar det. Norsk språkråd rår til at ordet vert teke ut av språket. Slutt med det i dag!

Roald Drønen er oppteken av kyrkja. Kva skjer med den lokale kyrkja? Det står ikkje eitt ord i avtalen. Har det vore diskutert? Arne Prestbø, H, måtte innrømma at det hadde det ikkje vore.

Lovise Vestbøstad vil røysta ja. Dette er eit val om framtida og nye krav. Dersom ein røystar nei, kva seier ein då ja til? Ho utfordra panelet på kva dei i så fall vil kutta. Agnar Aarskog, Ap, svara at når folketalet aukar, aukar også inntektene.

Harald Rydland, KrF, gjorde merksam på at dei ikkje er kategoriske. Dei rår til å røysta nei, men dersom kommunen tapar så store inntekter som det er sagt, kan dei likevel koma til å røysta ja i kommunestyret. Politikk er ferskvare, og saker kan endra seg fort.

Grete Marit Veka Maraas, Sp, ville ikkje presentera kuttliste i dag. Så lenge folketalet aukar, aukar også inntektene.

Arne Prestbø, H, varsla struktur-endringar. Me er gode i dag – vil me svekka tenestene?

Lars Ove Rimmereid var klar for å røysta ja. Dersom nei-fleirtal i april, vil saka koma opp att før 2019. Dersom ja no, kan Fitjar posisjonera seg i ny kommune. Men me får det ikkje betre!

Etter spørsmål frå Sigbjørn Framnes om kor mykje som skal til før KrF snur, svara Harald Rydland: Det som er viktig i eit kommunestyrevedtak i juni, er at ein stiller seg positiv til å slå seg saman med namngitt kommune, ein må ikkje ha endeleg avtale då.  

Per Bergesen hadde høyrt at vassavgifta i Stord kan auka til kr. 9.000 i 2020 på grunn av store investeringar. I Fitjar er den kr. 3.188 i dag. Ordføraren svara om at det vert differensierte avgifter i ein eventuell ny kommune. Fitjar skal då ikkje betala for Stord sine investeringar. 

Torbjørn Hovland spurde om kva politikarane gjer dersom det vert 51 % nei i folkeavrøystinga?

Til slutt fekk politikarane i panelet gi kvar sin oppsummering og appell.

Agnar Aarskog, Ap: Følgjer folkerøystinga. Ved nei, me kan gå saman seinare. Gulrøtene er ikkje så store som dei ser ut til.

Harald Rydland, KrF: Ville hatt stor Sunnhordlands-kommune. Me treng ikkje oppføra oss som husmenn. Rår til å røysta nei no.

Grete Marit Veka Maraas, Sp: Kommunekartet er i endring, men denne farten kan me ikkje godta. Ho framsnakkar Fitjar der ho kan. Vil følgja folkemeininga også ved 51 %.

Arne Prestbø, H: Til Lars Ove Rimmereid: Fantastisk! Uventa gode ord! Har me råd til å la vera? Bruk hovudet. Men Høgre følgjer folkemeininga.

Ordførar Wenche Tislevoll: Dei største endringane kjem dersom me er åleine. Det gir ein stor risiko. Ein styrkjer lokaldemokratiet når ein kommune får større påverkingskraft. Me må vera rigga for framtida!

Ho oppfordra alle som ikkje har fått dei svara dei treng, til å ta kontakt direkte med henne eller ein av dei andre politikarane.


Agnar Aarskog var oppteken av å ikkje snakka ned Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.