Forsamlinga let seg ikkje akkurat riva med av Stord-ordførar Herstad sitt innlegg. Foto: Kjetil Rydland.

Fullsett sal under folkemøtet

Kultursalen var fullsett då ordførar Wenche Tislevoll ynskte hjarteleg velkomen til eit viktig folkemøte om kommunereforma.

– Det gjeld eit val for framtida! Ordføraren poengterte at me har gode tenester og ei god utvikling i Fitjar, me har det godt! Men me ser stadig større utfordringar i samfunnet med mindre sysselsetjing, lågare oljepris, eldrebølgje og auka innvandring. Alt dette forsterkar regjeringa og Stortinget sine ynskje om ein stor kommunereform. Alle kommunar har fått i oppdrag å samtala med naboar om samanslåing for å byggja den sterke og framtidsretta kommunestrukturen som dei styrande ynskjer. Kommune-Norge er i rørsle, og det går ikkje over. Dersom me seier nei, vil me bråvakna til ein annan kvardag. No har me to val: Å gå vidare åleine, eller saman med Stord i ein ny kommune. No er det viktig med informasjon, for at innbyggjarane skal kunna gjera eit rett val for framtida.

Svein Olav B. Langåker, redaktør i nettavisa framtida.no, var hyrt inn som konferansier, og han presenterte programmet for kvelden:                    

Orientering ved rådmann Atle Tornes   
                                 
Innlegg ved ordførar i Stord, Harry Herstad    
                
Gruppeleiarane i kommunestyret dannar panel og svarar på spørsmål frå salen.


Rådmann Atle Tornes og ordførar Wenche Tislevoll i panelet. Foto: Kjetil Rydland.

Rådmann Atle Tornes innleia med at det er sett opp fyrtårn for framtida: Målet er å gi innbyggjarane gode tenester, kommunal berekraft, økonomisk styrke og å vidareføra det beste frå kvar kommune. Han nemnde alle dei felta ein møter kommunen på i dag, breidda er mykje større enn ein tenkjer. Framover må ein ta endå fleire og tyngre oppgåver som vert pålagde.

Stortinget skal vedta nytt inntektssystem i juni, men hovudlinene er kjende. Dei fleste partia på Stortinget ynskjer færre kommunar, og inntektssystemet vert justert etter det. Han synte til at ein framtidig Fitjar kommune truleg vil få 7–12 mill. mindre per år framover. 5,4 mill. av dette er småkommunetillegget, som fell vekk når Fitjar snart passerer 3.200 innbyggjarar. Det vil føra til dramatisk reduksjon av tenestene. Begge grendeskulane må leggjast ned, ein avdeling på sjukeheimen og kjøkenet må stengjast, og eigedomsskatten må aukast.

Ein ny kommune vil få fleire økonomiske «gulrøter» for at omstillinga og drifta skal verta lettare. All matematikken i dette er å finna i heftet «Val om framtida – Fitjar og Stord» som vart distribuert i sist veke.

Alt er ikkje økonomi, sa Tornes vidare. Fitjar kommune har kort veg til avgjerder, sjølvråderetten er sterk, og Fitjar sentrum har større verdi i eigen kommune enn ved ei samanslåing. Men ein liten kommune har mindre tyngde i storsamfunnet.

Fitjar kommune har 350 tilsette i dag, og ingen skal seiast opp ved ei samanslåing, og ingen skal gå ned i løn. Reduksjonar skal skje ved naturleg avgang. Det er viktig med best mogeleg informasjon. Når ein er rådmann, er ein betalt for å vera realist, men det kan stundom opplevast som om ein er pessimist, sa Tornes.

Eit kommunestyrevedtak i saka må gjerast innan 1. juli i år. I Fitjar vert avgjerda teken 22. juni. Ein eventuell ny kommune vil vera operativ frå 1. januar 2019.

Harry Herstad, ordførar i Stord, fekk ordet. Han visste at det er mange skeptikarar i Fitjar, og at mange er svært negative til dei knappe fristane i reforma.
Kommunane er under eit konstant press. Me ser ei gigantisk privatisering i dag, der store deler av kommunal sektor går over på privat drift. Herstad har vore svært skeptisk til mykje i den nye reforma, men nettopp presset på kommunane har gjort at han har snudd.

Ein ny kommune må byggjast frå botnen. Ingen får amnesti frå krava til kvalitet. Alt vert definert gjennom standardar. Inntekts-bortfall gjer at ein ikkje kan gjera som før. Me vert fanga av systemet. Andre kommunar posisjonerer seg rundt oss, og kommunekartet vert endra. Hos oss vert det ikkje den store kommunen som grabbar den vesle. Her skal partane vera rause med kvarandre.

Herstad var overraska av at i Stord er det dei unge som er mest skeptisk til samanslåing. Men me må lytta til dei, sa han: «Salige er dei unge, for det er dei som skal arva kommunegjelda!»

I debatten etterpå synte det seg at det er mange spørsmål i saka, og stor motstand mot ei kommunesamanslåing. Fitjarposten kjem tilbake med stoff frå debatten.