Seminar om bruk av nettbank

 

Ingrid Vestbøstad forklarer, og Toralv Røen og Ingebjørg Seim følgjer med når ho opnar nettsida til spv.no. Foto: Håkon C. Hartvedt

I samarbeid med Fitjar seniorsenter inviterer Sparebanken Vest  til seminar om nettbank og andre  digitale banktenester, tysdag 26. april.

 – Seminaret vert leia av banken sine folk, og det vert lagt opp til at deltakarane  og skal få individuell hjelp, seier avdelingsbanksjef Ingrid Vestbøstad til fitjarposten.  

 Ideen kjem frå Seniorsenteret og påmeldinga må skje til dei. Til  Toralv Røen på mobil: 938 64 817 eller til Ingebjørg: 909 55 983.

 – Me er svært glad for dette samarbeidet med banken. Men når dette seminaret er over, vil me gjerne ta det heile vidare og tilby kurs i bruk av mail, skype og elles i å ta seg fram på nettet,  slik at ein kan lese aviser og anna, seier Røen, som gjerne vil nytte datainteresserte skuleelevar som support og ressurs når ein kjem så langt. 

 – Vidare vil me leggje opp til ein del internettkafe-arrangement der me kan lære av kvarandre, legg han til, medan leiaren i Seniorsenter nikkar og  er samd i det han seier.