Ein tredje veg

KrF har sendt oss ei pressemelding der dei snakkar om ein tredje veg med omsyn til kommunesamanslåiinga. Kva dei meiner kan du lese nedanfor.

Fitjar KrF og kommunereforma, ein tredje veg 

Fitjar KrF vil rå innbyggjarane til å stemma nei til avtalen som vert lagt fram til rådgjevande folkerøysting den 25.  april.  

Med den kunnskapen me har i dag vil Fitjar KrF i utgangspunktet retta seg etter svaret folket gjev i folkerøystinga, anten det vert fleirtal for ja eller nei.

Dersom det i tida mellom folkerøystinga og kommunestyremøtet i juni kjem fram nye opplysningar vedk. kommunalt inntektssystem, eller vedtak i omkringliggjande kommunar skulle gjere det nødvendig eller interessant for Fitjar å gå vidare med kommunesamanslåing, vil me likevel vera opne for dette.

Kvifor me er kommen fram til dette standpunktet kan du lesa i notatet som ligg vedlagt. Teksten er for lang til å setjast inn som lesarbrev, men den vil verta tilgjengeleg på Fitjar KrF si heimeside.

Det vil ta omlag 10 minutt å lesa gjennom teksten som du finn her.

Ta kontakt med underteikna dersom de måtte ha spørsmål til det som er teke opp.

 

 Venleg helsing

Kommunestyregruppa til Fitjar KrF
Harald Rydland
Tlf. 913 47 802