Ingen suksess for Oliver André Matre og bobla hans i Åsane.

Tomhendte heim frå sesongopninga i bilcross

Medan Ailin Vik kom heim med pokal etter debuten i bilcross på Haukåsbanen i Åsane, blei resultatet meir stusseleg for dei mannlege kollegaene hennar, Oliver A. Matre og Jonas K. Lønning.

Verken Oliver eller Jonas kom til mål i tredje innleiande heat. Etter to andreplassar for Oliver i dei første innleiande heata, blei det full stans på motoren, og han kom ikkje til mål. Jonas hadde to fjerdeplassar før også han fekk full stopp i tredje runde.

Dermed blei det ingen pokalar på dei to gutane. Og ikkje nok med det, Oliver miste òg bilen sin. Som kjent er det råd å leggja inn bod på bilane i bilcross, og på den måten kan du mista bilen din. På Haukåsbanen i Åsane var det stor omsetnad av bilar denne gongen. det kom bod på bobla til Oliver, og ein kjøpar frå Valdres stakk av med den.

Den ivrige bobleentusiasten Oliver ser likevel ikkje svart på sesongen. Han er sikker på at han har ei ny boble klar til løpet i Vikedal 1. mai. Han har nemleg fleire VW-bobler på lur; det er berre å gjera ei av desse klar til løp. Så Oliver vil nok klara seg, sjølv om han skulle missa fleire bilar.

– Han har iallfall bilar nok fram til ferien! får me opplyst på velinformert hald i støtteapparatet …


Jonas K. Lønning medan volvoen enno går i Bergen.