Møte med heilo på Klovskar i dag. Foto: Kjetil Rydland.

Heiloa er komen!

I dag kom me over fleire par heilo på toppen av Ytste Klovskar, så då kan me slå fast at ho er i rute.

Heilo på fjellet er eit sikkert og særs velkome vårteikn. Frå folk som plar følgja med på slikt, får me opplyst at tidspunktet er ganske vanleg. Dei seier at ho gjerne dukkar opp nede i låglandet på Fitjar i slutten av mars før ho trekkjer til fjells.

Heilo på fjellet i dag. Foto: Kjetil Rydland.

Heilo er ein ganske vanleg fugl i høgare strok i mesteparten av Noreg. Fuglen er sky, og du kjem vanlegvis ikkje så veldig nær. Derfor må seia at me var heldige som kom nærmare enn 10 meter innpå nokre heiloer på toppen av Ytste Klovskar i dag.

På nettstaden Fuglar i Hordaland har Norsk Ornitologisk Forening lagt ut opptak av over 300 fuglelydar, blant desse er heilo.


På toppen av Ytste Klovskar kom me nokså nær innpå heiloa. Foto: Kjetil Rydland.