God rallycrossdebut av Ailin Vik. Foto: Arild Vik

Debut med velt og pokal

Ailin Vik opplevde både suksess og dramatikk i sin rallycrossdebut i Bergen i dag. 

Suksessen synte seg i at ho køyrde seg fram til B-finalen eller ein 2. plass, ein 3. plass og ein 4. plass og 15 poeng  i dei innleiande rundane.

Ho kom òg godt ut i denne finalen, men i første sving vart det klabb og babb i lag med to andre bilar, og det endte med at Ailin rulla rundt.

Men det gjekk bra med Ailin, og bilen var ikkje verre skadd enn at ho fekk han med seg heim.

Ein frisk, og slett ikkje dårleg debut. Eller som far hennar, Arild Vik, skriv på facebook: – Ein vellukka dag!!