Barn frå barnehagen i Bobrinetz i Ukraina. 

10-årsjubileum for Ukraina-prosjektet

I 10 år har Fitjar vidaregåande skule hatt prosjekt til hjelp for ein barneheim og eit eldresenter i Bobrynets i Ukraina. No vil dei markere dette med jubileumsfest i Kultursalen (Kultur- og idrettsbygget på Fitjar) fredag 15. april kl. 17.00.

– I denne samanhengen vil me invitere alle tidlegare elevar som har vore med i prosjektet, i tillegg til alle privatpersonar, lag og bedrifter som har vore med og støtta oss, seier lærar Sissel Jørgensen til fitjarposten.no.

På programmet står:

  • Presentasjon med video og bilete frå tidlegare turar
  • Helsing frå Bobrynets ved tolken vår
  • Basar
  • Sal av kaffi og kaker
  • Inntektene går uavkorta til prosjektet.

– Me håpar å sjå deg! oppfordrar Sissel Jørgensen til slutt.