Folk koste seg på marknaden i går kveld. Foto: Håkon C. Hartvedt
God stemning, mykje folk og fin musikk
Det var ein triveleg marknad ein fullsett amfisal fekk med seg i går kveld.
I tilllegg til basaropplegg med åresal og det heile, noko som alltid er sosialt og triveleg i seg sjølv, vart det servert mykje flott musikk og song.
Fitjar Skulekorps spelar utruleg bra for tida. Foto: Håkon C. Hartvedt
Nivået skulekoprset held no, gjer at det er ein fryd å høyre på dei, kvar gong. Kjekt er det òg at Fitjar kammerkor er på beina att. Tre spennande og varierte nummer gav dei oss i går, og fint var det, sjølv om dei mangla ein del av koristane sine.
God song av Fitjar kammerkor. Foto: Håkon C. Hartvedt
Alltid stas med åresal. Foto: Håkon C. Hartvedt
Konferansier Terje Træet leia det heile på ein ledig og lett måte, og rista av og til på det gamle trekkjeapparatet for å ikkje gløyme at han var ein gamal trekkjar, sjølv om korpset no nyttar digital trekning.
Terje Træet. Foto: Håkon C. Hartvedt