Illustrasjonsfoto: Selevik skule. Foto: Håkon C. Hartvedt

Grendaskulane er  motoren i eit lokalsamfunn.

Annar Westerheim har sendt oss eit lesarinnlegg om grendaskulane. Les innlegget nedanfor.

Grendaskulane er  motoren i eit lokalsamfunn.

Ein desentraliset skulestruktur skaper vekst og styrkjer kommuneøkonomien. Grendaskule, dugnad og langsiktig planlegging har resultert i ein formidabel folketalsauke fra 2000 til 2016.

Tal fra Statistisk  Sentralbyrå (SSB) viser ein auke av folketalet i Dåfjorden  fra 146 til 232, ein auke på 86 personar. Dåfjorden har passert Utsira kommune med sine 214 innbyggjare med god margin. I same periode har folketalet i Fitjar kommune auka fra 2992 til 3138 , ein auke på 146 personar.

 Med 5% av folketalet i 2000, (7,5% i 2016 ) har Dåfjorden fram til 1/1-2016  59% av heile folketalsveksten I kommunen.

Fitjar kommune kunne i 2015 skilta med den største folketalsauken i Hordaland, i forhold til kommunar med tilsvarande folketal. Auken i 2015 var på 47 personar, etter ein gjennomgang her lokalt har me netto tilflytting på 26 personar som er 55% av auken i heile kommunen.

Av nyfødde borgarar kan Dåfjordbygda skilta med 6 barn av totalt 35 i 2015. Den demografiske utviklinga i Fitjar kommune gjer at kommunen har 70 fleire personar fra 0-16 år enn tilsvarande kommunar med same storleik. Den store folketalsauken i Fitjar over dei 3 siste åra har kvalifisert  Fitjar kommune rett til veksttilskot ( vekst over 1,5% ) frå staten på kr. 290.000 for 2015.

Grendaskulen og den langsiktige samfunnsbygginga har bidratt til dei gode tala. Den positive utviklinga held fram i 2016, det viser godt igjen på  auken i elevtal ved skulen.

I budsjettet for 2015,kom skulebruksplanen opp med tal som viste  nedgang og stagnasjon for Selevik skule, nedlegging og flytting av elevar var det einaste forsvarlige løysing.

 Kva skjedde?

 Skulen vart berga i budsjettvedtaket, og resultatet ser me i dag med elevauke på 9 elevar for skuleåret 2015/2016 stikk i strid med prognosane for skulen i skulebruksplanen, men i tråd med bygdafolket sine beregninger og oppdaterte tal.

Kan nevna at Selevik skule er den einaste skulen som har elevtallsauke i 2015/2016 i forhold til skulebruksplanen.  Rimbareid krinsen med 65% av innbyggjarane, og 350 elevar, har ingen auke.

Skulen og den nystarta barnehagen i nærmiljø, er to gode grunnar til at barnefamiliar velger å busetja seg i bygda.

Kvar elev i fra 1-10 klasse tilfører kommen 111.000 i rammetilskudd. I tillegg kommer kommuneskatt (11,1% av arbeidsinntekt ) og rammetilskudd på ca 9 -11 000 pr. person over og under grunnskulealder.

Elevtala ser stabile ut dei kommande åra, i gjennomsnitt over 10 elevar  (1,1 mill. i auka rammetilskudd ) meir enn prognoseane for berre eit år tilbake.

Grendaskulen har skapt stor utvikling og aktivitet, og bidratt til millionbeløp i tilskudd til ei lang rekke  med dugnadsprosjekt.

Dei største dugnadane var etablering av privat vassverk (1987/88 ). Bygda fekk tildelt heile Fylkestilskuddet ( 400.000 ) for private vassverk det året. I dag er det kommunalt, med Svartavatnet som vasskjelda .                                                                                

Bygda starta privat byggefelt , Fiskaneset byggefelt, med startkapital på kr 60.000  I dag er det ca. 50 hus, nye er under planlegging.  I arealdelen til kommuneplanen er det avsatt tomteareal for utviding 5-7 nye hus. Det er også i arealdelen avsett mange LNF- kan område som tillater bygging av inntil 3 bolighus i kvart av områda , utan at det utløyser krav om reguleringsplan.

Bygdefolket tok eit krafttak og bygde  eit stort  klasserom på gamle skulen, som også fungerte som » Grendahus » i 10 år frå 1987 til nye skulen stod ferdig i 1997/98

Lagerrom på nye skulen, vedlikehald på gamleskulen og maling av  begge skulane.

 Nærmiljø -annlegg med lagerbygg og lekeområde ved skulen, første byggetrinn sto ferdig i år 1999/2000.

 Er oppgradert til kunstgrasbane med aktivitetsfelt for ulike aktivitetar, samla sum i to byggetrinn 1 mill. 650.000.

Etter mange hundre dugnadstimar har bygda, har ikkje minst grendaskulen fått eit flott aktivitetstilbud i nærområde.

Tursti på 2 km er også ein alternativ skuleveg mellom skulen og Fiskaneset, bygd med handamakt, sponsa av Gjensidige-stiftelsen med 80.000, dugnad 2700 timer.

Langs turstien er det bygd ein flott gapahuk, det er også starta arbeid med ein naturklatrejungel.

Kunne nevnt mange andre dugnader, den siste store jobben er nye gatelys langs FV-72 , ( forskutering av velforeningen sum ca 100.000 , ) 130 dugnadstimer med rydding av granskog langs vegen.

Velforeningen har tidligare kartlagt punkt for utbedring og trafikksikring langs Fylkesvegen ,og sendt ein oversikt til vegvesnet sin avd. i Leikanger,  Resultatet vart 500 m. med sårt tiltrengt autovern, og ti nye møteplasser langs vegen.

 Utan grendaskulen ville bygda stagnert, nedgang i folketalet som ellers i distrikta. Mange tomme hus som kun vart brukt som fritidsbolig, og den einaste auken ville vera aukande gjennomsnitt alder av innbyggjarane.

Håpar me kan få bruka kreftene på å byggja vidare på den positive utviklinga med grendaskulen i sentrum.

Å leggja ned grendaskulen » blir som å eta opp såpotetene» Det blir ein haust med dårleg avling.

Mvh.

Annar Westerheim.