Om nokre år kan gassferjene vere byta ut med hybrid plug-in eller el. ferjer. Illsurasjonsfoto: Håkon C. Hartvedt

Snart duka for hybrid og el-ferjer i vårt område?

Enova støttar Hordaland fylkeskommune med 140 millionar kroner for ladeinfrastruktur til null- og lavutslippsferjer. Det vil gje meir miljøvennleg ferjedrift i vårt område òg.

– Hordaland går nå verkeleg i front, ikke bare nasjonalt, men internasjonalt. Vi er glade for å kunne bidra til mer energieffektive ferjesamband gjennom vår støtte til landanlegga, og er spente på å sjå dei klimavennlege løysninga<ne som reiarlaga vil ta i bruk, seier administrerende direktør Nils Kristian Nakstad i Enova.

Gjennom kollektivselskapet Skyss har Hordaland fylkeskommune samla alle fylket sine ferjesamband i fire rutepakkar fordelt på to anbodskonkurransar. I samband med den første anbodsrunden fekk fylkeskommunen nyleg 133,6 millioner kroner i støtte fra Enova til å etablere landanlegg for låg- og nullutslippsferjer. Når Skyss no skal lyse ut fylket sie resterande ni fergestrekningar på anbod, investerer Enova 140 millioner kroner også i desse rutene.

– Enova-støtten gjer oss veldig godt rusta til å nå dei politiske måla som er sett om å gjere fergedriften meir miljøvennlig. Vi er svært glade for å få denne mogelegheita, seier direktør Oddmund Sylta i Skyss.

Oppstart januar 2020
Støtta fra Enova sikrar at Skyss kan stille strenge krav til energiforbruk og klimagassutslipp i anboda. Dette vil føre til at det kje heilelektriske ferjer eller plug-in-hybrid-ferjer på de fleste strekningane. 

Alle fergestrekningene i dette anbudet vil ha oppstart i 1. januar 2020.