Det manglar ikkje på gode hjelparar når det skal gjerast noko med ein bil på Rydland. Foto: Kjetil Rydland.

Flaggskipet til Nils Rydland på vegen att!

Etter 20 år i gløymsla er den gamle folkevognsbussen frå 1973 snart på vegen att, og Ole Vidar Helland reknar med at han vil bli å sjå under Fitjarfestivalen i august, etter at han nyleg fekk bilen lakkert i originalfargen.

Den standsmessige folkevognsbussen VW T2 er ein 8-setar som onkel Nils N. Rydland kjøpte til taxi i 1973. Bilen blei brukt som drosje i rundt tre år, før han gjekk over som reservedrosje og til skuleskyss.

I byrjinga blei bilen naturleg nok køyrt mykje av Nils N. Rydland sjølv. Men fleire som var leigesjåførar for Nils’n på 70-talet lever enno, og me vil tru dei ser fram til å sjå bilen på vegen att. No har han ikkje vore ute i trafikken på over 20 år, men det er ikkje noko problem å få bilen registrert igjen, med det opphavlege nummeret, seier Ole Vidar Helland.

Det er berre å framstilla bilen for EU-kontroll, og når det er gjort, kan han gå på Biltilsynet og få ut skilt. Han reknar ikkje med at det skal bli noko problem å få den flotte bilen EU-godkjend. Han skal ha same nummeret som bilen hadde frå byrjinga av, det nummeret er registrert hos Biltilsynet. Men Ole Vidar vil ikkje ha slikt nymotens plastskilt, så han vil passa på å få bestilt skilt frå ein fabrikk som lagar skikkelege skilt av den gamle sorten.

Ole Vidar har hatt den gamle VW-bussen ståande i verkstaden i rundt fem år. Han har strippa han for vindauge, lister lys og alt anna laust. Så har han gjort reint og pussa rust både utvendig og innvendig. For nokre veker sidan fekk han sprøytt over bilen med grunning i lakkverkstaden på Rydland. Så fekk han køyrt bilen til lakkering hos Terje Heggøy, som er profesjonell på området.

No har Terje lakkert bilen i originalfargen. Dette viste seg å vera enkelt, for fargen var på fargekartet, som nummer 1000. Dersom fargen ikkje hadde vore på fargekartet, måtte Terje ha skanna eit stykke lakkert bil som ikkje hadde falma eller blitt øydelagt av «tidens tann». Han hadde tenkt å bruka bensinloket til formålet, skanna med lakkskanner og så be datamaskinen miksa lakken. Men no slapp han altså det.

Då bilen kom på tilhengar til tuns for eit par veker sidan, var han ikkje vanskeleg å kjenna att for oss som har vakse opp med drosjen til Nils’n. Rett staseleg i ny, blank pels var han. No står det att å få lister, vindauge og andre småting på plass. Dette er kjekt arbeid, seier Ole Vidar. No ser han resultat av arbeidet, etter kvart som den eine detaljen etter den andre blir ferdig. Mesteparten av desse delane kjøper han på internett frå USA, med god hjelp av Oliver André Matre, som er flink å finna ut av slike ting. Kanskje spesielt dersom det gjeld Folkevogn! Motoren står klar på golvet i verkstaden, og den veit Ole Vidar at han skal få i gang.

Kor lang tid han brukar på siste finishen, er han ikkje sikker på. 17. mai blir nok for tidleg, og bilen blir ikkje med til 60-årsfeiringa på Fitjar Sjø og Camping i morgon. Men Ole Vidar har god tru på at bilen er klar til Fitjarfestivalen i august.


Terje Heggøy og Ole Vidar Helland pussar grunninga slik at resultatet blir nesten 100 %. Foto: Kjetil Rydland.


Ein strippa folkevognbuss i verkstaden, klar for grunning. Foto: Kjetil Rydland.


Med den identiske fargen på fargekartet var det ingen problem å finna den opphavlege fargen til folkevognbussen. Foto: Kjetil Rydland.


Å få ein gammal foilkevognmotor til å gå er ikkje noko problem, seier Ole Vidar. Foto: Kjetil Rydland.


Flunkande nytt dørhandtak importert frå USA. Foto: Kjetil Rydland.