Utvidar kapasiteten

Peter Nordfonn ved fibrane i trafokiosken i Fitjarstølane. Foto: Håkon C. Hartvedt

Fitjar Kraftlag SA utvidar no fiberkapasiteten fleire plassar.

Mellom anna skal kapasiteten i Søre Stølen utvidast, og Fitjarposten møtte på ein av arbeidarane Peter Nordfonn,  då han heldt på med akkurat det i trafoen ved Fitjarstølane. 

I eit telt over kummelokket ved trafo-en sit Peter og koblar ein preterminert kabel til nettverket som går under jorda. Foto: Håkon C. Hartvedt

Han fortel vidare at dei og har halde på med det same i Rossneset, og at dei skal inn med ein ny node i Dåfjorden som til no har nytta ein slik ein frå Koløyo.

I kvart av desse røyra er det 12 fibrar. Foto: Håkon C. Hartvedt