Brann ned til grunnen

Berre pipa stod att. Foto: Håkon C. Hartvedt

Eit hus i skrammavegen brann ned til grunnen i dag. Ei kvinne som var i huset klarte heldigvis å kome seg ut.

 

Foto: Håkon C. Hartvedt

Foto: Håkon C. Hartvedt

Foto: Håkon C. Hartvedt

For det heile gjekk svært fort. Fitjarposten observerte brannen frå kontoret og var ein av dei som ringde brannvesenet. Men på rundt tre kvarter var heile huset borte. Sjølv om brannvesenet var raskt på plass, kunne dei ikkje gjere noko. Huset var heilt overtent då dei kom fram.

Våre tankar går til våre sambygdingar som miste huset sitt. Elles trur me bileta fortel sitt.