Super storbandmusikk

Super konsert ved «Breibandet». Foto: Håkon C. Hartvedt

Storbandinteresserte som ikkje fekk med seg konserten med Breibandet på Fitjar Fjordhotell i går kveld, gjekk verkeleg glipp av noko.

– Knallbra. Ein konsert fleire burde gått på, seier publikummar Geirmund Aga.

For bra var det og vel så det. Bandet spelte med stor profesjonalitet, presist, reint, med tette akkordar og strålande dynamikk og trøkk – men òg med vare passasjar når melodien krov det. Langt over det me forventa av eit lokalt storband.

Med dyktige blåsarar, eit svært godt komp og flott improvisatoriske soloar gav dei publikum full valuta for dei dei betalte for å få med seg denne konserten.

Godt jobba av komp-gjengen. F.v. Marius Sjo (trommer), Øyvind Fitjar (bass) og Morten Nesse (gitar). Me fekk òg ein del soloar frå den kanten. Foto: Håkon C. Hartvedt

Heile 21 melodiar, frå balladen «Samantha» via kjende «Autumn leaves» til ekstranummeret «I fell good» gav dei til beste. 
Vokalisten Hilde Skaar har me ikkje høyrt før, men det er berre å seie: Ho kom svært bra ifrå det. Ikkje minst i «Come fly with me». 

Hilde Skaar.  Foto: Håkon C. Hartvedt

Det gjorde òg blåsarne, med vår eigen Ole Christian Ottestad, i spissen. Han fungerte òg svært godt som konferansier mellom nummera. 

Alt i alt svært «vel blåst». 

Ole Christian Ottestad. Foto: Håkon C. Hartvedt