Fitjarfestivalen ei veke seinare i år

Geirmund Aga (økonomi) og Hrafn Thorsteinsson (leiar) utgjer eit arbeidsutval i årets fitjarfestival. Allereie no presenterer dei eit svært omfattande program – og meir er i vente. Foto: Håkon C. Hartvedt

Fitjarfestivalen 2016 vil finne stad frå onsdag 10. august til søndag 14. august. Det er ei veke seinare enn tidlegare, og rett før skulane startar opp att. – Då er nok dei aller fleste komne heim frå ferie, smiler arrangørane som har mykje spennande å by på.

I arrangørstaben i år finn me: Hrafn Thorsteinsson (leiar), Geirmund Aga (økonomiansvarleg), Vidar Larsen (kai-ansvarleg), Inger Elin Helland (matansvarleg), Per Egil Larsen (musikkansvarleg), Ingrid S. Bergesen (ungdomsansvarleg) og Øyvind Fitjar (dugnadsansvarleg). Og dei er komne svært langt med programmet. Mykje er som før, men ein del er òg nytt. Mellom anna at festivalen startar med eit seminar for sposorane onsdagen.

Fitjarposten skal kome tilbake til mykje av dette, men i denne samanhengen presenterer me berre  programmet slik det ligg føre i dag. Tidspunkt for dei ymse arrangementa vil ein kome tilbake til.

Program FItjarfestivalen 2016

Onsdag 10. august – Fitjar Kultur- og Idrettsbygg (Kultursal)
Sponsorseminar / foredrag. Jan Morten Myklebust held sitt foredrag (film og foredrag) om krisehandtering. Foredraget tek utgangspunkt i dei to flyulykkene som Stord Lufthamn Sørstokken har opplevd og handtering av tilsette, kundar, forulykka sine familiar og presse, samstundes med fokus på å driva flyplassen vidare etter slike hendingar. Dette blir eit svært interessant foredrag, som kan relaterast til ulykker i både heimen og arbeidsplassen. 

Foredraget varer ca. ein time, før det vert pause med servering av lett fingermat og mineralvatn. Etter pausen vert fagleg innlegg av dr. med. Bjarte Stubhaug, Klinikk for stressmedisin, om krisereaksjonar og gode mestringsmåtar. (ca. 20-25 min). Til slutt denne kvelden vil ein invitera ein lokal gründer til å fortelja om verksemda si, vegen frå ide til realisering (25-30 min). 

Torsdag 11. august – Fitjar kyrkje
Kveldskonsert med Trine Rein, i samarbeid med Temakveldgruppa i Fitjar Sokneråd. 

Fredag 12. august – Sjøsio (Larsen) og Fitjar Fjordhotell
* Bodgata og Festivalteltet opnar klokka 16:00.
* Sal av mat og drikke frå Festivalmenyen i Festivalteltet.
* Quiz og konsert med Klangboltane i Festivalteltet, som held ope heilt til klokka 22:00.
* Ungdomskonsert i Revyteltet på ettermiddagen / tidleg kveld med Bastard og lokale artistar. 
* Frå klokka 22:00 konsertar for vaksne i Revyteltet og hotellet med Bastard, Folty Loft og MK Marvellous Medicine. 
* Dansefest på Fitjartun med dansebandet Trinity.

Laurdag 13. august – Sjøsio (Larsen), Fitjar sentrum og Fitjar Fjordhotell
* Bodgata og Festivalteltet opnar klokka 10:00. Fiskefestival, aktivitetar i sentrum for barn, ungdom og vaksne.
* Teaterførestilling «Rødt lys» av Per Jan Ingebrigtsen i Fitjartun
* Lokale artistar får mulegheit til å opptre på scenen i Festivalteltet
* Såpefotball, ansiktsmaling, etc. (Her kjem det meir)
* Konsert i Festivalteltet laurdagskveld med Folty Loft
* På hotellet blir det konsertar med Thermoztat, m/Rannveig Johnsen, Nese Rastafari og Bølgeblikkbandet frå klokka 22:00

Lars Jakob Eide nr. 3 frå venstre kjem til Fitjar med bandet sitt  Folty Loft.

Det vert gjenhør med Rannveig Johnsen og Thermoztat.

Søndag 14. august – Sjøsio (Larsen)
* Friluftsgudsteneste klokka 11:00.
* Me prøver å få til ein minikonsert med korps etter gudstenesta.
* Bodgate/Festivaltelt opnar etter gudstenesta, og stengjer 16:00.
* Konsert i Moahagen om kvelden, i regi av Fitjar kommune v/kultursjef og Stiftinga Håkon den gode.

Sjå òg fitjarfestivalen si facebook-side..