Ikkje greitt å vera Jacob i Fitjar-buret måndag kveld. Foto: FP-arkiv/KR.


Keeper Jacob Mehammer er berre 16 år i år, men har for lengst fått sin debut på A-laget. Foto: Kjetil Rydland.

Tøff sesong for A-laget?

Fitjar kan venta seg ein stri sesong i årets 5. divisjon, om me skal tru trenar Kjell Træet, som har mange lovande ungdommar i stallen.

Som kjent rykte A-laget til Fitjar ned til 5. divisjon i fjor, etter berre to sesongar i 4. divisjon. Me har snakka med A-lagstrenar Kjell Træet om utsiktene før sesongen som opnar i desse dagar. Han ser for seg ein tøff sesong, og han er fornøgd om dei klarer å halda seg divisjonen.
–  Eg er trygg på at me får vår fulle hyre med å sikra ein plass midt på tabellen, seier han til Fitjarposten.
Med innføringa av det nye seriesystemet, vil rundt halvparten av laga rykkja ned til 6. divisjon. Derfor vil det vera viktig for Fitjar å greia ein plasss på øvre halvdel. Men Kjell vil ikkje vera meir konkret når det gjeld målsetjing for sesongen.

Fleire sterke lag i puljen
Kjell kjenner ikkje så godt alle laga i årets 5.-divisjonspulje, men han reknar i alle fall med at dei tre toarlaga blir sterke. Han trur at både Stord, Smørås og Sotra vil stilla sterkt til kampane i 5. divisjon, med innbytarar frå A-lagskampane. Elles reknar han med å vera på talefot med Rosendal og Halsnøy, som begge har vore nede i ein bølgjedal. Men Bremnes reknar han med blir mykje tøffare. Dei rykte ned i fjor, men er allereie i ferd med å byggja opp eit nytt, ungt og sterkt lag. Seriestart er førstkomande helg. Men Fitjar har fått utsett første kampen sin, slik at dei opnar sesongen laurdag 16. april, heime mot Ask. Puljen til Fitjar ser slik ut:

Ask         
Sotra 2    
Flaktveit    
Laksevåg    
Smørås 2    
Nore Neset    
Stord Fotball 2         
Halsnøy    
Bremnes    
Erdal         
Rosendal    
Fitjar    

Sårbare for skadar
I fjor hadde me ein tynn A-lagsstall, slik at me var sårbare for skadar, og det er ikkje noko betre i år, seier A-lagstrenaren. I fjor blei som kjent både Leif André Tangen og Jan Åge Tislevoll langtidsskadde. Førstnemnde er vonleg tilbake på banen i juni, medan Jan Åge kanskje ikkje får spelt så mykje A-lagsfotball i år. Til gjengjeld har han gjort ein god jobb som hjelpetrenar, i den store flokken med ungdommar som Kjell Træet og Trond Henriksen har under sine vengjer. For tida slit fleire nøkkelspelarar med småskader, og det kan komma vel med at dei har fått utsett seriestarten med dei veke.

Mange unge spelarar
Berre eit fåtal av dei 30 ivrige spelarane som møter på A-lagstrening er seniorar, fortel Kjell. Saman med Trond Henriksen, og ein kneskadd Jan Åge Tislevoll, køyrer han fellestreningar for alle årsklassane frå 2001 og oppover. Eit par av seniorane frå i fjor ser ut til å vera ute, og ingen nye er komne til. Derfor må han stola på ungdommen. Mange av dei viser lovande takter, men Kjell skulle ønskja at dei kunne fått ein litt meir forsiktig start på A-lagskarrieren. No må dei gå inn og ta ansvar i svært ung alder. I treningskampane har mange av dei fått prøva seg, og fleire av dei har vist godt igjen. Men det er ganske mange ungdommar å velja blant, og Kjell ser ikkje for seg enno korleis laget vil sjå ut i seriestarten.

Keeperproblem
Det går vel ikkje an å nekta for at Fitjar har eit aldri så lite keeperproblem. Andrekeeperen frå i fjor. Aleksander Henriksen er skadd, og førstekeeper Oddgeir Træet arbeider i rotasjon på Aukra. Derfor blir han berre delvis tilgjengeleg for bror og trenar Kjell. Han har ikkje hatt ei ideell sesongoppkøyring, og til alt overmål har han skadd ein finger. Det kan sjå ut for at A-laget i store delar av sesongen må stola på gutekeeper Jacob Mehammer (f. 2000) og juniorkeeper Ruben Træet (f. 1999). Dei er nok ikkje heilt modne for A-lagsfotball enno, men dei må få sjansen, meiner Kjell. Når Oddgeir er på jobb, har han ikkje så mange alternativ, og han vil ikkje lova 47-årige Trond Henriksen så mange A-lagskampar framover.

Bakoversveis mot Solid
Ein forsmak på kva me kan ha i vente, fekk me fredag kveld, då Fitjar møtte Solid til treningskamp i Hustrudalen. Sagvågarane spelar ein divisjon høgare i år, og var langt meir skarpskodde enn Fitjar, og dominerte kampen frå første til siste spark. Fitjar-keeper Jacob Mehammer måtte henta ballen ut av nettet sitt heile seks gonger før han overlét plassen i sluttminutta til Trond Henriksen.

Laget som fekk bank av Solid såg slik ut: Jacob Mehammer, Arild Fitjar Waage, Sander Tverborgvik, Torbjørn Korsvik, André Helland , Kjell André Thorland, Helge Træet, Lars Fitjar Waage, Sebastian T. Tufteland, Jonas Tislevoll og Badi Hurasi. Innbytarar: Marius Storebø, Mats Westvik, Jonas Aleksandersen, Svein Arne Raunholm, Thomas V. Waage og Trond Henriksen.


Trenar Kjell Træet og hjelpetrenar Trond Henriksen har over 30 mann «under våpen», men ikkje mange av dei er seniorar. Foto: Kjetil Rydland.


Veteranen Alfred Berge på Solid får altfor god tid til å scora mellom beina på ein flokk Fitjar-forsvararar. Foto: Kjetil Rydland.


«Historisk» spelarbyte for Fitjar i Hustrudalen, André «Mini» Helland går av banen, og sonen Marius kjem inn. Foto: Kjetil Rydland.