Ingen aprilspøk

INGEN APRILSPØK:  Nokre av dei første som fekk skulebollar var desse karane frå Engelsen som me diverre gløymde å få namnet på. Men glade vart dei. T.v. redaktør Håkon C. Hartvedt i Fitjarposten. Foto: Odd Sverre Larsen.

 Mange trudde at det var ein aprilspøk at ein fekk gratis bollar hos SPAR i dag. Det var det ikkje. Så om du lurer på kva som er sanning og kva som er spøk av det me har lagt ut i dag, finn du fasiten nedanfor.

Saka om Sveio
Denne er sann. Ordførar Jorunn Skåden har verkeleg teke kontakt med mellom anna Fitjar kommune om naboprat.

Saka om KYGO
Mange, ikkje minst unge, skulle nok ønskje at dette var sant. Men dette er altså aprilspøken. At KYGO skal halde nemnde konsertar i Oslo og Bergen er rett, men han kjem nok ikkje til Fitjar 23. august.

Gratis skulebollar.
Ingen aprilspøk, men noko Fitjarposten av og til gjer i samarbeid med ymse butikkar. Tidlegare har det vore delt ut softis og blomar. Denne gongen vart det altså SPAR og skuelbollar. Stor takk til SPAR ved Odd Sverre Larsen som òg stilte med kaffi.