Gratis skulebollar hos SPAR

Illustrasjonsfoto: Håkon C. Hartvedt

Vår reporter Kjetil Rydland dokumenterte nyleg at hestehoven er komen. Eit sikkert vårteikn. I samarbeid med SPAR Fitjar ønskjer me våren velkomen og deler ut gratis skulebollar til dei 100 første som kjem til SPAR-butikken og spør etter dette frå kl 12.00 i dag.

Vårteikna er nok nokre veker seinare i år enn i fjor. Desto meir velkomne er dei. Så ta turen til SPAR og få deg ein gratis skulebolle.

Vinn flaxlodd
Send oss gjerne bilete av vårteikn. Om nokon sender oss bilete av det i dag, vil me trekkje mellom desse og dele ut fem flaxlodd til vinnaren.