Sveio med i kommuneleio?

Ordførar i Sveio, Jorunn Skåden, ønskjer naboprat med mellom anna Fitjar. Foto: Sveio kommune

Midt i debatten om samanslåing av Fitjar og Stord kommunar kjem det eit innspel frå Sveio. Kanskje kan me med tida snakka om ein langstrakt E-39-kommune?

Innspelet er ein invitasjon frå Sveio kommune til naboprat. Innspelet kjem etter at eit fleirtal i Sveio kommunestyre 14. mars gjorde følgjande vedtak: «Sveio kommune går inn for naboprat med Stord kommune, Fitjar kommune, Bømlo kommune og Haugesund kommune for best mulig grunnlag for en evnt. forlkeavstemming om kommunestruktur».

– Vedtaket vart gjort på grunnlag av at ein del medlemer meinte at me ikkje berre må tenkje sørover, men òg nordover i denne saka. Sveio er ein sunnhordlandskommune, og for oss er både Sunnhordland og Haugalandet viktige bindeledd. Frå gamalt av har òg Bergen vore vår by og me har gode erfaringar med kontakten med Bergen, seier Sveio-ordførar Jorunn Skåden i ein kommentar til Fitjarposten.

Ho understrekar vidare at invitasjonen som er sendt til Fitjar kommune ved ordførar, og som inviterer fitjarordføraren og Fitjar formannskap til eit dialog på Sveio kommunehus 21. april, er eit kraftig politisk signal.

Fitjarordførar Wenche Tislevoll seier til Fitjarposten at ho synest dette er eit spennande innspel, at førespurnaden er sendt vidare til formannskapsmedlemane, men at dei ikkje har fått høve til å drøfte saka enno.