KYGO til Fitjar

Den etter kvart verdskjente artisten frå Bergen, Kyrre Gørvell-Dahl, mest kjend som KYGO, kjem til Fitjar for å spele i Moahagen tysdag 23. august i år.

Det er ein strålande nøgd kultursjef Bente Bjelland som fortel dette til Fitjarposten. Ho kan mest ikkje tru at dette no er stadfesta av managementet til KYGO.

– Eg synest det er heilt fantastisk, men eg har gode vener å takke for at det heile no er i boks, seier Bente Bjelland, og fortset:

– Saka er at eg har ein god del kontaktar i kulturmiljøet i Bergen frå den tida eg jobba der, og ei av dei er i slekt med Kyrre alias KYGO. Ho har snakka mykje om Fitjar etter at eg har fortalt om kor flott det er å vere her. Ikkje minst har Moahagen som konsertstad vore nemt.

Så vart det kort og godt slik at KYGO tente på denne ideen om ein konsert utanfor alfarveg. Han har litt tid i haust etter Findingsfestivalen i Oslo 19 – 20.august og Cloud Nine-festivalen i Bergen 20. august om kvelden. Så då tek han altså ein svipptur til Fitjar og Moahagen tysdag 23. august, før programmet hans tetnar til igjen, seier Bente Bjelland som altså er i fyr og flamme over at denne verdsartisten vil ta turen til Fitjar.

Fitjarposten har ikkje lukkast å få tak i KYGO sjølv for ein kommentar, men managementet hans skriv i ein e-post til Fitjarposten at KYGO faktisk har høyrt ein del om Fitjar, og etter det han har fått høyre om Moahagen, gler han seg til å spele i ei annleis setting enn det han brukar å gjere.

Gratiskonsert for skuleelevane
– Det beste av alt er at han vil gjere innanfor økonomiske rammer me kan klare, og at han vil gje ein gratiskonsert for alle skuleelevane kl 12.00 på føremiddagen. Hovudkonserten vert kl 17.00, opplyser Bente Bjelland vidare.

Rektor ved Rimbareid skule Bjørn Haaland seier at han synest dette er glimrande, og at elevane sjølvsagt vil få fri til å kunne delta på gratiskonserten. Fitjarposten har så langt ikkje hatt kontakt med dei andre skulane i Fitjar, men skulesjef John Karsten Raunholm seier at dei kan rekne med at dei får fri til å vere med dei òg.